Amadou Toumani Touré

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amadou Toumani Touré

Fødd4. november 1948
Mopti
Død9. november 2020 (72 år)
Statsborgar avMali
Partipartilaus
Yrkepolitikar, offiser
Utdanna vedDe luftbårne styrkers miltærakademi i Rjazan
Combined Arms Military School in Koulikoro
MedlemAcadémie des sciences d'outre-mer
VervPresident i Mali 1991-1992
FøregangarMoussa Traoré
EtterfylgjarAlpha Oumar Konaré
VervPresident i Mali 2002-2012
FøregangarAlpha Oumar Konaré
EtterfylgjarAmadou Sanogo
Alle verv
  • Malis president (1991–1992)
  • Malis president (2002–2012) Sjå dette på Wikidata

Amadou Toumani Touré (4. november 19489. november 2020) er ein malisk politikar som var president i Mali frå 1991 til 1992 og frå 2002 til 2012. Første gongen vart han president etter eit statskupp. Andre gongen vart han sjølv avsett ved eit statskupp.

Touré vart fødd i provinshovudstaden Mopti, der han gjekk grunnskulen. Frå 1966 til 1969 studerte han til å bli lærar i hovudstaden Bamako. Etter dette gjekk han inn i hæren. Han steig raskt i gradene som fallskjermsoldat. Etter vidareutdanning i Sovjetunionen og Frankrike vart han kommandant for fallskjermsoldatkommandoen i 1984.

Amadou Toumani Touré talar i Washington i 2003.

I mars 1991 vart demonstrasjonar mot regimet til president Moussa Traoré slått ned med store tap av menneskeliv. Etter dette deltok Touré i eit statskupp mot Traoré og vart president i Overgangskomitéen for folkets redning. Slik fungerte han som statsoverhovud under overgangen til demokrati. Han organiserte val til nasjonalforsamlinga og presidentval i 1992. Etter presidentvalet overlét han makta til den nyvalde presidenten, Alpha Oumar Konaré, og fekk tilnamnet demokratiets soldat.

I juni 2001 var han generalsekretæren i SN, Kofi Annan, sin spesialutsending til Den sentralafrikanske republikken etter eit statskupp der.

I september 2001 pensjonerte han seg frå hæren. Han starta ein ny politisk karriere ved å stilla som kandidat til presidentvalet. Han vart vald som president i Mali med 28 % av røystene i første valomgang og 64,4 % i andre valomgang, 28. april og 12. mai 2002. Han stilte som uavhengig, partilaus kandidat. I regjeringa hadde han representantar frå fleire ulike parti.

Han vart gjenvald for ein ny femårsperiode ved presidentvalet 29. april 2007. 22. mars 2012, kort tid før han etter lova skulle fråtre presidentrolla, starta misnøgde soldatar eit militærkupp som tvinga han til å gå i skjul.[1] Som del av ein avtale om å gjeninnføra lov og orden gjekk Touré av som president den 8. april, og drog i eksil 11 dagar seinare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mali Army' New York Times; 22. mars 2012