Amal Aden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amal Aden

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1983 (41 år)
Somalia
Yrke skribent
Religion Islam
Amal Aden på Commons

Amal Aden (f. 1983 ) er pseudonymet til ein kvinneleg norsk-somalisk forfattar, føredragshaldar og samfunnsdebattant. Ho har vore fast spaltist i Dag og Tid sidan 2013.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Amal Aden er fødd i Somalia. I ei av bøkene sine fortel ho om oppveksten sin i heimlandet, der ho levde som gatebarn. Ho kom til Noreg i 1996 som flyktning, men opplevde at norske instansar som barnevernet ikkje makta å hjelpa henne. Etter ei stund hamna ho i rusmiljøet i Oslo og har også levd på gata i byen.[1]

I 2008 debuterte Amal Aden som forfattar med Se oss - bekymringsmelding fra en norsksomalisk kvinne. Ho har seinare skrive mykje om korleis det er å leva som innvandrar i Noreg, om integrering, likestilling og rettane til homofile, særleg homofile innvandrarar.

Forfattaren er sjølv open om at ho er lesbisk og har måtta tola å bli trua for meiningane sine. Etter at ho deltok på homoparaden i Oslo, vakna ho til 146 drapstruslar på telefonsvararen ifølgje henne sjølv.[2]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 2008: Se oss - bekymringsmelding fra en norsksomalisk kvinne
  • 2009: ABC i integrering. 111 gode råd om hvordan alle kan bli fullverdige borgere av det norske samfunnet
  • 2009: Min drøm om frihet
  • 2011: Det skal merkes at de gråter – Om likestilling blant somaliere i Norge
  • 2012: Om håpet glipper er alt tapt. Homofile flyktninger.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Amal_Aden» i Store norske leksikon, snl.no.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]