Amal Murkus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Amal Murkus (ar. أمل مرقس) er ei palestinsk songerinne som bur i Israel. Musikken til Murkus vert sett på som pionérarbeid, då ho skapar ein post-modernistisk musikkstil der forskjellige middelhavspåverknadar møtast. Det fyrste albumet hennar, Amal, vart utgjeve i 1998, og hennar andre, Shauq i 2004. Songane hennar hentar inspirasjon frå både palestinsk og arabisk kulturarv, og dette blanda med moderne popmusikk seiast å uttrykke kampen mot marginaliseringa som den arabisk-palestinske kulturen vert utsett for.

Murkus er fødd og oppvaksen i den palestinske byen Kafr Yasif i Galilea, og har brukt si musikalske karriere på å framheve palestinsk musikk og kultur i Israel og verda elles. Murkus har songe sidan ho var fem år gammal, og vann i 1979 fyrstepremien i ein songfestival for israelsk-arabiske born. Ho vart uteksaminert frå Scenekunstinstituttet i Tel Aviv i 1990.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Na'na' ya Na' na' (peppermynte) (2007)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]