Amalie Iuel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amalie Iuel


Statsborgarskap Danmark, Noreg
Fødd 17. april 1994 (29 år)
Aalborg
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommar-OL 2016

Utmerkingar

Kongepokal, Kongepokal

Amalie Hammild Iuel (fødd 17. april 1994) er ein dansk-norsk friidrettsutøvar som tevlar i hekkeløp, sprint og mangekamp. Frå 2015 er ho norsk statsborgar. Ho vart nummer seks i 400 m hekk i EM 2016.

Iuel er oppvaksen i Bærum og fleire utland. I april 2015 sette ho personleg rekord i 400 meter hekk med 55,92 sekundar i eit stemne i Florida. Ho deltok i VM i friidrett 2015 i Beijing der ho rauk ut i forsøka på tida 56,59.

Den 7.-8. mai 2016 sette Iuel personleg rekord med 6011 poeng då ho vann sjukampen ved eit stemne i USA. Den 23. mai persa ho seg med 52,85 på 400 meter på Bislett stadion. Under friidretts-EM i Amsterdam sette ho i semifinalane ny norsk rekord i 400 meter hekk med tida 55,79 og gjekk vidare til finale. I finalen vart ho klokka inn til sjetteplass på 56,24. Få veker seinare vann ho sitt fyrste NM-gull då ho sette meisterskapsrekord med 57,06 sekundar i 400 m hekk. Under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro sprang ho på 56,75 i forsøka på langhekken, 0,4 sekund for sakte til å ta seg til semifinalane.

Våren 2017 forbetra Iuel i USA dei norske rekordane både på 400 meter og 400 meter hekk. Fyrst sletta ho 19. mars i Los Angeles den 26 år gamle 400-meterrekorden til Sølvi Olsen på 52,45, ho kom då i mål på etter 51,81 sekundar. Tre veker seinare, den 8. april i Plaquemine i Louisiana, forbetra ho sin eigen noregsrekord i 400 meter hekk til 55,38. Iuel deltok både på 400 m og 400 m hekk då VM i friidrett 2017 fann stad i London, utan å ta seg vidare frå forsøka i korkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]