Amalie Snøløs
Amalie Snøløs | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. april 1996 (27 år) |
Yrke | influensar, programleiar, fotballspelar |
Amalie Snøløs (fødd 16. april 1996) er ein norsk påverkar, programleiar og tidlegare fotballspelar.[1]
Fotballkarriere[endre | endre wikiteksten]
Snøløs vaks opp på Birkeland i Agder. Ho byrja å spele fotball på moderklubben Birkenes IL. Ho vart teken ut på det norske J16-landslaget, til treningskamp mot England 5. juni 2012.[2] Snøløs var 16 år då ho vart teken opp i A-stallen til toppserielaget Amazon Grimstad FK.[3] Snøløs spela aktivt fram til 2017, då for Porsgrunn-klubben Urædd. Posisjonen hennar på fotballbanen var midtbanespelar.
Underhaldingsbransjen[endre | endre wikiteksten]
Snøløs vart kjend for ålmenta då ho deltok i den trettande sesongen av Farmen i 2017, der ho enda på ein tredjeplass.[4] Året etter var ho ein av tolv norske kjendisar som svinga seg på Skal vi danse-parketten. Snøløs har også delteke i 4-stjerners middag, Huskestue og har hatt ei birolle i den tredje sesongen av fjernsynsserien Semester og i CLMD sin musikkvideo til låten «Trouble».[5][6] Hausten 2020 vart Snøløs programleiar i TV 2-serien «Blipp vs. Snøløs», saman med Stian Blipp.[7] Programmet gjekk ut på at dei to programleiarane var lagleiarar for kvart sitt e-sportlag, og skulle konkurrere om å løyse nye oppdrag i kvar episode.
Fotballklubbar[endre | endre wikiteksten]
Under er ei oversikt over klubbar Snøløs har spela for:[1]
- –2012: Birkenes IL
- 2013–2014: Amazon Grimstad
- 2014: Gimletroll
- 2014–2015: Urædd
- 2016: Amazon Grimstad
- 2017: Urædd 2
- 2021: Birkenes IL
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 Kampstatistikk i Norges Fotballforbund.
- ↑ Tatt ut på landslaget[daud lenkje] i Lillesands-Posten.
- ↑ Amalie signerte for Amazon i Birkenes Avisa.
- ↑ Amalie Snøløs (21) kom på tredjeplass i Farmen: – Jeg har vært en slange som har sneket meg rundt i TV2.
- ↑ CLMD - Trouble (Billon Remix) på Youtube.
- ↑ Amalie Snøløs kysser kvinne i TV-serie i VG.
- ↑ Røssland, Vilde Holta (17. november 2020). «Stian Blipp og Amalie Snøløs konkurrerer i ny TV 2-satsning». Nettavisen (på norsk). Henta 23. november 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Amalie Snøløs» frå Wikipedia på bokmål, den 14. mars 2023.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Amalie Snøløs hos Noregs Fotballforbund
- Amalie Snøløs hos Soccerdonna
- Amalie Snøløs hos Internet Movie Database