Amanda Igland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Amanda Igland
Fødd 1917
Død

2002

Amanda Grotle Igland (19172002) var ei norsk pensjonatvertinne, fiskarkone, lokalpolitikar og organisajonskvinne frå Bremanger.

Organisasjonslivet[endre | endre wikiteksten]

Amanda Igland var svært engasjert i fiskarkvinnene sine kår. I 1953 var Igland med å skipe Norges Fiskarkvinnelag der ho også var leiar i 11 år. Ho var også med å skipe organisasjonen Sogn og Fjordane Fiskarkvinnelag og sat som leiar der i 12 år.

Amanda Igland var hovudpersonen bak vedtaket om at fiskarkvinnene skulle representerast i landsstyret i Noregs Fiskarlag. Ei anna viktig kampsak var kampsakene var rett til ferie for fiskarar, noko som resulterte i Lov om ferie for fiskere i 1972.

Amanda Igland hadde fleire andre verv innan fiskarorganisasjonane, og var medlem av kommunale, fylkeskommunale og regjeringsutnemde utval. Igland sat mange år i Bremanger kommunestyre.

Amanda Igland fekk kongens fortenestmedalje i gull i 1987. Same året fekk Igland kulturprisen for Bremanger kommune.

Fiskarmonumentet.
Foto: Anne Bakke

Havly pensjonat[endre | endre wikiteksten]

Rundt 1970 starta Amanda Igland og ektemannen Ulrik Igland pensjonatet Havly. Pensjonatet hadde 11 rom. Tilreisande arbeidarar frå til dømes hamnevesenet og kystverket, var blant dei faste gjestene. Igland dreiv pensjonatet fram til 1998.

Fiskarmonumentet[endre | endre wikiteksten]

Som leiar i Bremanger Fiskarkvinnelag fremja Amanda Igland ideen om eit minnesmerke over omkomne på havet. Det vart samla inn pengar til å reise eit monument i stein, laga av bilethoggaren Ståle Kyllingstad. Igland var emd på avdukinga av Fiskarmonumentet søndag 6. september 1964.

Sokneprest H.V. Gjeitanger var prest i Bremanger frå 1927 til 1935, og han heldt avdukingstalen. Kunstnaren Kyllingstad sa nokre ord om kunstverket, og Amanda Igland la ned blomar for å minnest og ære dei sakna og omkomne på sjøen. Igland overrekte monumentet til Bremanger kyrkje på vegne av Bremanger Fiskarkvinnelag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]