Amanda Kurtović

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amanda Kurtović
Amanda Kurtovic 20150419.jpg
Fødd 25. juli 1991
Karlskrona
Amanda Kurtović på Commons

Amanda Maria Kurtović (fødd 25. juli 1991) er ein norsk handballspelar fødd i Karlskrona i Sverige, som sidan sommaren 2012 spelar for danske Viborg HK. Ho vann VM-gull med Noreg i 2011 og 2015, OL-gull sommaren 2012, EM-gull 2016 samt meisterligaen med Larvik HK i mai 2011. Kurtović er venstrehendt, og er vanlegvis det som tyskarane kallar ein rykkrom-spelar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kurtović var medlem av Sandefjord TIF fram til sommaren 2007. Deretter spela ho tre sesongar for toppserieklubben Nordstrand frå Oslo, der ho på 70 kampar skåra 300 mål. Faren hennar, den svenske handballspelaren Marinko Kurtović, var trenar for Oslo-laget.

Sommaren 2010 gjekk ho til Byåsen Idrettslag, der ho spela 14 seriekampar og skåra 45 mål. Frå 4. februar 2011 til våren 2012 spela Kurtović for Larvik HK. Her var ho med å vinne serigeull både 2011 og 2012, den europeiske meisterligaen 2011 og den norske cupmeisterskapen for 2011/12-sesongen. Sommaren 2012 gjekk ho over til den danske toppserieklubben Viborg HK.

Kurtović debuterte for Noregs landslag 26. mars 2011, i heimekamp mot Russland, ein kamp som enda med norsk siger 30-26. Ho fekkplass i Noregs tropp til VM i handball 2011 i Brasil. 18. desember 2011 vart ho verdsmeister med Noreg då det vart siger 32-24 over Frankrike i finalekampen i Sao Paulo, Kurtović skåra fire av dei norske måla.

Under OL 2012 i London var ho med då Noreg sikra seg OL-gull med finalesiger 26-23 over Montenegro.

I august 2012 har Kurtović spela 40 landskampar og skåra 81 mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2011: Gullmedalje etter 32-24 mot Frankrike
  • OL 2012: Gullmedalje etter 26-23 mot Montenegro
  • VM 2015: Gullmedalje etter 31-23 mot Nederland
  • Sommar-OL 2016: Bronsemedalje etter 36-26 mot Nederland
  • EM 2016: Gullmedalje etter 30-29 mot Nederland

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]