Amandus Adamson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amandus Adamson

Statsborgarskap Det russiske imperiet, Estland
Fødd 31. oktober 1855
Paldiski
Død

26. juni 1929 (73 år)
Paldiski

Yrke bilethoggar, kunstmålar
Amandus Adamson på Commons
Amandus Adamsons hus i Paldiski

Amandus Heinrich Adamson (31. oktober 185526. juni 1929) var ein estisk skulptør og målar.

Amandus Adamson var fødd i Uuga-Rätsepa nær Paldiski i dåverande Russland, og voks opp i ein sjømannsfamilie. Han flytta til Sankt Petersburg 1875 for å utdanna seg i kunst på Det russiske kunstakademiet. Etter eksamen arbeidde han som skulptør og lærar i Sankt Petersburg, med studieopphald i Paris og Italia i tida 1887–1891. Her blei han påverka av dei franske bilethoggarane Jules Dalou og Jean-Baptiste Carpeaux.

Det best kjende verket til Adamson, Russalkamonumentet, blei skapt i 1902. Dette var tileigna dei 177 sjømennene som omkom då det russiske panserkledde orlogsfartøyet «Russalka» forliste i 1893 på veg frå Tallinn til Helsingfors. Bronsemonumentet førestiller ein engel som står på ein høg pilar.

I samband med den russiske revolusjonen og den estiske frigjeringskrigen vende Adamson i 1918 tilbake til heimbyen sin Paldiski i nordvestlege Estland. Her budde han livet ut.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

  • Dei allegoriske skulpturane Handel, industri, vitskap og Kunstartene på fasaden til varehuset Jelissejef i Sankt Petersburg, bronse, 1902
  • Russalkamonumentet, Kadriorg i Tallinn, 1902
  • Allegorisk skulptur for Singerhuset, Sankt Petersburg, 1902–1904
  • Båtar som har forlist, Sevastopol, 1904
  • Tšempion ('Champion'), bronseskulptur over brytaren Georg Lurich, 1912
  • Monument over den estiske fridomskrigen, 1928, øydelagt 1945
  • Monument over Lydia Koidula, Pärnu. 1929

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]