Amandus Schibsted

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Amandus Schibsted
Amandus Schibsted.jpg
Fødd 5. mai 1849
Christiania
Død

7. mai 1913

Yrke redaktør, forretningsdrivande
Far Christian Schibsted
Ektefelle Thrine Schibsted
Amandus Schibsted på Commons

Amandus Theodor Schibsted (5. mai 18497. mai 1913) var eigar og sjefredaktør i Aftenposten.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Karikaturteikning av Andreas Bloch frå vittigheitsbladet Korsaren 1905: Stortingspresident Carl Berner vernar redaktørane Amandus Schibsted (Aftenposten) og Nils Vogt (Morgonbladet) mot Ola Thommesen (Verdens Gang).

Amandus Schibsted var fødd i Oslo. Etter latinskole lærte han boktrykkarfaget av faren, Christian Schibsted.[1]

Han arva Aftenposten etter far sin i 1879, men hadde arbeidd som journalist i avisa sidan 1871. Under hans leiing vart avisa den leiande og mest utbreidde konservative dagsavisa i Noreg.[1] Han utmerkte seg gjennom ei godt organisert, hurtig og påliteleg nyhendeteneste. Schibsted spelte òg ei viktig rolle for etableringa og drifta av organisasjonsverksemda til pressa.

Schibsted blei utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1902. Han var også slått til riddar av den franske æreslegionen.[2]

Amandus Schibsted si grav på Vår Frelsers gravlund i Oslo.

Då Schibsted døydde i 1913 overtok kona hans, Susane Adolphine Cathrine Schibsted (1849–1933), eigarskapen i avisa.

Amandus Schibsted er gravlagd ved Vår Frelsers gravlund i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Amandus Theodor Schibsted». Store norske leksikon (på norsk). 10. august 2016. 
  2. Hoemsnes, Ole N. (28. september 2014). «Amandus Schibsted». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]