Amarnabreva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Brev fra Aziru, leiar av Amurru, som hevdar si sak til farao. EA 161.

Amarnabreva er ei samling leirtavler frå Det nye riket i Egypt. Dei blei funne ved Amarna i Egypt i 1887. Breva er skrivne med kileskrift, hovudsakleg på akkadisk, og inneheld den diplomatiske brevvekslinga mellom dei egyptiske faraoene Amenhotep III og Akhnaton på den eine sida og vasallkongane deira i Palestina og Syria i tillegg til med andre storkongar i Midtausten. Samlinga inneheld 382 forskjellige brev som er blitt datert til to årtier på midten av 1300-talet f.Kr.

Amarnabreva er ein særs viktig historisk kjelde til den politiske situasjonen i Palestina og Syria i samtida. Dei viser også korleis diplomatisk kontakte mellom ulike statar føregjekk, og korleis egyptarane administrerte vasallstatane sine.

Amarnabreva blei første gong omsett og fortolka av den norske assyriologen J.A. Knudtzon i 1907-15, til tysk. William L. Moran utgav ei komplett omsetjing på fransk i 1987 og på engelsk i 1992.

I dag er brevsamlinga spreidd til fleire steder i verda. Dei fleste er på Vorderasiatisches Museum i Berlin og på British Museum i London.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Moran, William L.: The Amarna Letters, Baltimore: Johns Hopkins University Press, 1992. ISBN 0-8018-4251-4

Kjelder[endre | endre wikiteksten]