Amateur Hour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amateur Hour
Singel av Sparks
frå albumet Kimono My House
B-side

Lost and Found

Utgjeve 1974
Sjanger
Lengd 3:37
Selskap Island
Låtskrivar(ar) Ron Mael
Produsent Muff Winwood
Sparks-kronologi 
«This Town Ain't Big Enough for Both of Us»
(1974)
Amateur Hour «Never Turn Your Back on Mother Earth»
(1974)


«Amateur Hour» er ein song av Sparks. Han kom ut som den andre singelen deira frå albumet Kimono My House i 1974. Bassisten Martin Gordon vart beden om å erstatte den originale bassparten sin (med ein Rickenbacker 4001-bass) med ein Fender Precision-bass, og han vart sidan erstatta i bandet.[1]

Ei nyinnspeling av songen i 1997 kom ut på albumet Plagiarism. Denne nye versjonen gjev snogen eit elektronisk synthpop-preg og vart framført i lag med Erasure.

25. juni 2009 vart songen nytta under eit stunt då den britiske magikaren og mentalisten Mark Cairns føresåg at radioverten George Lamb kom til å velje Sparks-songen i eit fritt val frå ei liste av 100 songar som Lamb nyleg hadde spelt på showet BBC Radio 6 Music.[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Amateur Hour» — 3:37
  2. «Lost and Found» — 3:21

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
U.K. Singles Chart 7
Den tyske singellista 12
Irish Singles Chart 19

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kimono My House Sessions * Martin Gordon». Martingordon.de. Arkivert frå originalen 14. november 2016. Henta 22. april 2022. 
  2. «BBC Radio 6 Music - George Lamb». Bbc.co.uk. 20. juni 2010. Henta 22. april 2022.