Amazilia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Amazilia
Rusthalekolibri, Amazilia tzacatl Foto: Flickr-brukar Kathy & sam
Rusthalekolibri, Amazilia tzacatl
Foto: Flickr-brukar Kathy & sam
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Natteramnar og seglarfuglar Caprimulgiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Trochilinae
Slekt: Amazilia
Lesson, 1843

Amazilia er ei biologisk slekt av kolibriar som på fleire vis er gjennomsnittlege og typiske for kolibrifamilien, Trochilidae.[1] Med rundt 30 kolibriartar er dette den største slekta i familien og ho er spreidd med artar frå nordvestre Mexico i nord, beryllkolibri, og sørover gjennom Mellom-Amerika og Sør-Amerika til Paraguay og søraustre Brasil i sør, lengst sør representert av tupikolibri.[2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Amazilia-kolibriar har gjennomgåande grøn fjørdrakt, men mange har innslag av gulbrunt på undersida, mest ekstremt hos kanelkolibri. Mange har gulbrunt i bakkroppen og i halefjørene. Nokre artar har innslag av blått, mest synleg hos tupikolibri. Dei fleste har raud farge i nebbet, oftast i undernebbet, men hos nokre artar òg gjennom heile nebbet unntatt tuppen som alltid er mørk. Alle manglar iriserande strupeflekk som ein finn i mange andre kolibrislekter.[3] Kroppsstorleiken er gjennomsnittleg for kolibriar, ca. 7 til 9 centimeter inkludert nebbet.

Dei har habitata sine hovudsakleg i opent landskap i lågland, der mange artar er talrike i utbreiingsområdet sitt.[4]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Slekta er kjent for ikkje å vere monofyletisk, og vil venteleg bli splitta opp i fleire slekter.[3]

Amazilia-kolibriar i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2019[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]

  • Kvitbrystkolibri, Amazilia chionogaster, White-bellied Hummingbird, Tschudi, 1845, (LC)
  • Cuzcokolibri, Amazilia viridicauda, Green-and-white Hummingbird, Berlepsch, 1883, (LC)
  • Kastanjebukkolibri, Amazilia castaneiventris, Chestnut-bellied Hummingbird, Gould, 1856, (EN)
  • Amaziliakolibri, Amazilia amazilia, Amazilia Hummingbird, Lesson, 1827, (LC)
  • Mayakolibri, Amazilia candida, White-bellied Emerald, Bourcier & Mulsant, 1846, (LC)
  • Honduraskolibri, Amazilia luciae, Honduran Emerald, Lawrence, 1867, (EN)
  • Svartnebbkolibri, Amazilia brevirostris, White-chested Emerald, Lesson, 1829, (LC)
  • Lysbukkolibri, Amazilia leucogaster, Plain-bellied Emerald, Gmelin, 1788, (LC)
  • Tupikolibri, Amazilia versicolor, Versicolored Emerald, Vieillot, 1818, (LC)
  • Andeskolibri, Amazilia franciae, Andean Emerald, Bourcier & Mulsant, 1846, (LC)
  • Glitterstrupekolibri, Amazilia fimbriata, Glittering-throated Emerald, Gmelin, 1788, (LC)
  • Fiolstrupekolibri, Amazilia lactea, Sapphire-spangled Emerald, Lesson, 1829, (LC)
  • Blåbrystkolibri, Amazilia amabilis, Blue-chested Hummingbird, Gould, 1853, (LC)
  • Yndekolibri, Amazilia decora, Charming Hummingbird, Salvin, 1891, (LC)
  • Purpurbrystkolibri, Amazilia rosenbergi, Purple-chested Hummingbird, Boucard, 1895, (LC)
  • Mangrovekolibri, Amazilia boucardi, Mangrove Hummingbird, Mulsant, 1877, (EN)
  • Asurkronekolibri, Amazilia cyanocephala, Azure-crowned Hummingbird, Lesson, 1829, (LC)
  • Beryllkolibri, Amazilia beryllina, Berylline Hummingbird, Deppe, 1830, (LC)
  • Blåhalekolibri, Amazilia cyanura, Blue-tailed Hummingbird, Gould, 1859, (LC)
  • Stålbukkolibri, Amazilia saucerottei, Steely-vented Hummingbird, DeLattre & Bourcier, 1846, (LC)
  • Blågumpkolibri, Amazilia hoffmanni, Blue-vented Hummingbird, Cabanis & Heine, 1860
  • Indigokronekolibri, Amazilia cyanifrons, Indigo-capped Hummingbird, Bourcier, 1843, (LC)
  • Snøbukkolibri, Amazilia edward, Snowy-bellied Hummingbird, DeLattre & Bourcier, 1846, (LC)
  • Grønbukkolibri, Amazilia viridigaster, Green-bellied Hummingbird, Bourcier, 1843, (LC)
  • Rusthalekolibri, Amazilia tzacatl, Rufous-tailed Hummingbird, de la Llave, 1833, (LC)
  • Yucatánkolibri, Amazilia yucatanensis, Buff-bellied Hummingbird, Cabot, 1845, (LC)
  • Kanelkolibri, Amazilia rutila, Cinnamon Hummingbird, DeLattre, 1842, (LC)
  • Fioletthettekolibri, Amazilia violiceps, Violet-crowned Hummingbird, Gould, 1859, (LC)
  • Zapotekkolibri, Amazilia viridifrons, Green-fronted Hummingbird, Elliot, 1871, (LC)
  • Kopargumpkolibri, Amazilia tobaci, Copper-rumped Hummingbird, Gmelin, 1788, (LC)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hilty, Steven L. (2002-11-29). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. ISBN 0713664185.
  2. 2,0 2,1 Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 15. november 2020 
  3. 3,0 3,1 Del Hoyo, J.; N. J., Collar, BirdLife International, red. (2014). HBW and BirdLife International illustrated checklist of the birds of the world. Band 1. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 9788496553941. 
  4. Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II, Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8
  5. Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Amazilia