Amazing av Tanja
Utsjånad
«Amazing» Singel av Tanja | ||
Land | Estland | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 2014 | |
Sjanger | pop | |
Tekstforfattar | Tatjana Mihhailova | |
Låtskrivar(ar) | Timo Vendt og Tatjana Mihhailova |
---|
«Amazing» (engelsk for Utruleg) er ein song av Tanja, som vart gjeven ut i 2014. Songen er skriven av Timo Vendt og Tatjana Mihhailova.
Eurovision og Eesti Laul
[endre | endre wikiteksten]«Amazing» var eit av bidraga i Eesti Laul 2014, den estiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Fyrst enda bidraget på andreplass i den fyrste semifinalen med 17 poeng; ti frå juryen og sju frå fjernsynssjåarane. I finalen enda ho att på andreplass, denne gongen med 16 poeng; ni frå fjernsynssjåarane og sju frå juryen. Bidraget gjekk vidare til superfinalen der det vann med 53 prosent av røystene frå fjernsynssjåarane.
«Amazing» representerte Estland i Eurovision Song Contest 2014.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Estonia: Eesti Laul 20 finalists revealed» (på engelsk). 12. desember 2013. Henta 31. desember 2013.