Amazonasbekkenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Amazonasbassenget)
Amazonasbekkenet
Utstrekninga av Amazonasbekkenet er indikert med mørk grøn farge
Land  Brasil,  Peru  Colombia,  Bolivia  Ecuador,  Venezuela
Del av Amazonia
Areal 7 300 000 km²
Wikimedia Commons: Amazon Basin

Amazonasbekkenet, ofte kalla Amazonasbassenget, er nedbørsfeltet i Sør-Amerika som er drenert av Amazonaselva med sideelvar. Nedbørsfeltet dekkjer eit område på rundt 7 300 000 km² eller rundt 40 prosent av det søramerikanske kontinentet. Amazonasbekkenet har størst areal innanfor Brasil, men ligg òg i Peru, Bolivia, Colombia, Ecuador, og Venezuela, og grensar dessutan mot Guyanaregionen.[1] Amazonasbekkenet er avgrensa av Guayanaskjoldet i nord, Andesfjella i vest og cerrado- savannar i sør.

Utanom grensestrøka i vest og nord ligg nedbørsfeltet i lågtliggande terreng, det meste dekt av regnskogen i Amazonas. Med eit område på 5,5 millionar km² med tett tropisk skog, er regnskogen i Amazonas den største regnskogen i verda.

Amazonaselva byrjar i Andesfjella vest for bassenget med vektige sideelver som Marañón, Apurímac og Mantaro i Peru. Andesfjella i Peru utgjer òg dei høgaste punkta i det vestlege vasskiljet.

Med ei lengd på rundt 6400 km frå dei fjernaste kjeldene til utlaupet i Atlanterhavet, er ho ei av dei to lengste elvane i verda. Eit team av forskarar har hevda at Amazonas er lengre enn Nilen, men debatten om kor presist dette er held fram.[2] Amazonas-systemet transporterer det største volumet av vatn i verdas elvesystem, og utgjer omtrent 20 % av det totale ferskvatnet som blir ført til havs av elvar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Albert, James and Hoorn, Carina and Malhi, Yadvinder and Phillips, Oliver and Encalada, Andrea C and Steege, H; et al. (2021). «The multiple viewpoints for the Amazon: geographic limits and meanings» (PDF). Amazon Assessment Report. 
  2. Raymond E. Crist; Alarich R. Schultz; James J. Parsons (16. mars 2018). «Amazon River». Encyclopædia Britannica. Henta 27. januar 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Amazonasbekkenet