Amazonisfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amazonisfugl
Amazonisfuglhann
Amazonisfuglhann
Amazonisfuglhoe
Amazonisfuglhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Amazonisfugl
Utbreiinga av Amazonisfugl
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Råkefuglar Coraciiformes
Underorden: Alcedines
Familie: Isfuglfamilien Alcedinidae
Underfamilie: Cerylinae
Slekt: Chloroceryle
Art: Amazonisfugl C. amazona
Vitskapleg namn
Chloroceryle amazona

Amazonisfugl (Chloroceryle amazona) er ein fugl i isfuglfamilien som lever innanfor alle land i Mellom-Amerika og store delar av Sør-Amerika aust for Andesfjella.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein stor isfugl, ca. 30 centimeter i kroppslengd, hannfuglar kan vege opptil 121 gram, hoer 125 til 140 gram. Fjørdrakta har mørk grøn overside og kvit underside. Hovudet er grønt, men dei har ein kvit halsring. Hannar har eit breitt oransje brystband. Hos hofuglen er brystet grønt mot sidene, med eit kvitt sentralt felt.[1]

Utbreiingsområdet er todelt. Frå sørlege Mexico gjennom Mellom-Amerika til nordvestlege Colombia. I tillegg eit samanhengande område av det meste av Sør-Amerika aust for Andes sør til og med Uruguay og nordaustlege Argentina, omtrent til La Rioja og Buenos Aires. Habitatet er elvebreidder, breidder av innsjøar, lagunar med brakkvatn og mangrovar ved kysten. Dei kan leve opptil 2500 moh. i Venezuela, elles under 1200 moh.

Som andre isfuglar er hovuddietten fisk. Mest vanleg jaktar dei frå ei grein, speidar etter byttet, og stupdukkar rett ned i vatnet etter byttet. Men det førekjem at dei «stillar» over vatnet før dei stupdukkar.[1]

Storleiken på populasjonen er estimert til mellom 0,5 til 5 millionar kjønnsmodne individ og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig, LC.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Woodall, P. F. and G. M. Kirwan (2020). Amazon Kingfisher (Chloroceryle amazona), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.amakin1.01
  2. BirdLife International (2021) Species factsheet: Chloroceryle amazona. Henta frå http://www.birdlife.org den 13. januar 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Amazonisfugl