Ambient Monkeys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ambient Monkeys
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve November 1997
Innspelt 1997
Studio Fujiwara Studios
Sjanger Elektronisk, ambient
Lengd 45:32
Selskap TDI Music
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi 
The Keep
(1997)
Ambient Monkeys Der Meteor
(1997)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]

Ambient Monkeys, med undertittelen Dream Folder #1 At Crimson's Train Lodge «Myopia World», er det 59. albumet og det 25. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Like før Tangerine Dream gjekk på scenen under konsertar i Europa i 1997, kunne publikum høyre roleg musikk med lydar av natur, dyr og miljø over. I følgje plateheftet var det «etterspurnad frå publikum etter denne ambient-musikken før konsertane» som gjorde at det vart gjeve ut på plate som Ambient Monkeys på TDI. Dei første utgåvene av plata vart selde i samband med konsertane deira i Storbritannia i november 1997. Den første versjonen av plata kom med sporet «Largo (from Xerxes)».

I juni 1998 kom albumet ut på ny med nytt plateomslag, utan «Largo (from Xerxes)», som ein del av plateboksen Dream Dice, og seinare òg som ei separat plate. I 1999 kom Ambient Monkeys nok ein gong ut med nytt plateomslag, og det same skjedde ein fjerde gong i 2009.[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Edgar Froese, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Token from Birdland» (1997 remix) 5:59
2.«Symphony in a Minor»J.S. Bach3:26
3.«The Seventh Propeller of Silence» 3:51
4.«Calyx Calamander»Edgar Froese, Jerome Froese4:41
5.«Largo (From Xerxes)» (1997 remix)George Frideric Handel3:04
6.«Riddle of the Monkey Tribe» 3:42
7.«Moon Marble» 3:32
8.«Concerto in A-major / Adagio»Mozart1:46
9.«Lemon Vendor Khaly» 3:37
10.«Campera De Mon Glyan» 4:47
11.«Virtue is Its Own Reward» 3:10
12.«Pantha Rhei» 3:15
13.«Myopia World» 3:46

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre

Gisela Kloetzer - spelte på originalutgåva av «Largo (From Xerxes)» frå albumet Tyranny of Beauty i 1995.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Kirby, Brian E. Ambient MonkeysAllmusic
  2. «Poland». Voices in the Net. Henta 20. juli 2020.