Hopp til innhald

Ambros Sollid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ambros Sollid
Fødd21. mai 1880
Heddal
Død9. februar 1973 (92 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkeagronom, politikar
Alle verv

Ambros Sollid (21. mai 18809. februar 1973) var ein norsk tenestemann og politikar frå Heddal i Telemark. Han representerte partiet VenstreStortinget frå 1937-45.

Sollid var son til ein gardbrukar og lærar. Sjølv tok han eksamen ved Bratsberg amts landbruksskule i 1899 og ved Norges landbrukshøyskole i 1902. Dei neste åra underviste han på Seljord friseminar og til 1905 på Telemark folkehøgskule. Skuleåret 1905/06 var han lærar og gardsstyrar på Telemark landbruksskule. I 1906 fekk han stillinga som fylkesagronom i Telemark, samstundes redigerte han til 1915 landbruksstoffet i avisa «Varden». Frå 1920 hadde Sollid jobben som sekretær i Telemarks landbruksselskap, heilt til han i mars 1944 vart avsett av nazi-styresmakter. Då krigen var over i mai 1945 fekk han tilbake stillinga. Til sist fylkeslandbrukssjef i Telemark frå 1949.

Sollid var medlem av bystyret i Skien frå 1929 til 1945; varaordførar 1932-34 og ordførar 1935-1937. Samstundes som han var varaordførar var han formann i skulestyret. Hausten 1936 vart han vald til stortingsrepresentant frå dei åtte kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder som representant for Venstre. På Tinget hadde han plass i Militærkomiteen.

I 1927 fekk Sollid utgitt Telemark Landbruksselskap 1777-1877.