Amedeo Modigliani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amedeo Modigliani

Statsborgarskap Kongedømet Italia
Fødd 12. juli 1884
Livorno
Død

24. januar 1920 (35 år)
Paris

Yrke kunstmålar, bilethoggar, teiknar
Sjanger portrettmåleri, figure, sjangerkunst, landskapsmåleri, portrett, akt
Born Jeanne Modigliani
Signatur
Amedeo Modigliani på Commons

Amedeo Modigliani (fødd 12. juli 1884 i Livorno i Italia, død 24. januar 1920 i Paris i Frankrike) var ein italiensk kunstmålar, skulptør og teiknar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

'Sitjande akt (1917). Koninklijk Museum voor Schone Kunsten i Antwerpen.
Steinhovud laga av Modigliani

Modigliani var fødd i Livorno. Heimbyen hadde ein stor jødisk folkesetnad, og han vart fødd inn i ein velståande sefardisk familie. Broren Giuseppe Emanuele Modigliani var ein sosialistisk politikar.

I 1895 vart han ramma av lungebetennelse og nokre år seinare fekk han tyfus etterfølgd av lungebetennelse. I rekonvalesensperioden bestemte han seg for å byrje å måle, og mor hans ordna det slik at han fekk studere hos landskapsmålaren Guglielmo Micheli i Livorno.

Modigliani studerte sidan ved kunstakademiet i Venezia og Firenze og kom i 1906 til Paris. Utan å slutte seg til spesiell gruppe eller rørsle tok Modigliani det han ville frå Toulouse-Lautrecs og Cézannes målingar, den afrikanske skulpturen, fauvistane, kubismen og andre eksperimentelle målarstykke av Pablo Picasso og Georges Braque. Desto meir avgjerande var møtet med den rumenske skulptøren Constantin Brancusi; mellom 1910 og 1913 la han all sin energi på bilethogginga.

Da Modigliani, allereie svekt av sjukdom, vart tvinga til å slutte på grunn av at meiselstøvet trengde ned i lungene, utnytta han manga av skulpturen sine effektar i portretta sine og i nakenstudia, framfor alt det karakteristisk forlengde hovudet, den lange, opphøgde naseryggen og den lange halsen.

I juli 1917 møtte han kvinna i sitt liv - den unge kunststudenten Jeanne Hébuterne (fødd 6. april 1898). Dei flytta saman og 29. november 1918 vart dottera Jeanne fødd. I januar 1920 vart Modigliani sjuk, med nyrebetennelse og tuberkuløs meningitt, og han vart innlagd på Hôpital de la Charité i Paris, der han døydde natta mellom den 24. og 25. januar 1920. Eit par dagar seinare gjorde Jeanne (som var gravid i niande månaden) sjølvmord gjennom å kaste seg ut frå eit vindauge i sjette høgda.

Myten om Modigliani som en «Montparnasseeksentrikar» - stilig, fattig, stolt og dopa eller full - vart skapt av forfattarvennene hans, særskilt etter hans bortgang berre 35 år gammal. Myten gløymer den intensive konsentrasjonen om målinga dei siste åra av livet hans.

Modigliani ligg gravlagd på Père Lachaise i Paris, der Jeanne Hébuterne au kviler. Dotter deira vart teken hand om av Modiglianis syster i Firenze. Som vaksen skreiv ho ein biografi om far sin - «Modigliani, mannen og myten». Det vart au laga ein film om livet hans, «Montparnasse 19» frå 1957 med Gérard Philipe i hovudrolla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Amedeo Modigliani