American Board of Commissioners for Foreign Missions

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

American Board of Commissioners for Foreign Missions (ABCFM) var ein amerikansk misjonsorganisasjon. Ideen til organisasjonen kom frå nokre avgangsstudentar ved Williams College i USA i 1806. Dei tok han med seg til Andover Theological Seminary og stifta organisasjonen formelt i 1810 i Boston i Massachusetts. I 1812 vart dei første misjonærane sende til India.

I 1961 vart ABCFM slegen saman med andre kyrkjeorganisasjonar og vart til United Church Board for World Ministries.

Organisasjonen var tidleg ute med misjonsverksemd i Sør-Afrika der dei byrja i 1835 og dreiv misjonering i Zululand frå 1841 til 1843.

Referanse[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]