American Dream av Crosby, Stills, Nash & Young

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
American Dream
Studioalbum av Crosby, Stills, Nash and Young
Utgjeve 1. november 1988 (U.S.)
Innspelt 24. april 1987 – 16. september 1988 at Redwood Digital, Woodside, California; mixed at A&M Studios og Record One, Los Angeles[1]
Sjanger Rock
Lengd 57:31
Selskap Atlantic
Produsent Niko Bolas, David Crosby, Stephen Stills, Graham Nash, Neil Young
Crosby, Stills, Nash and Young-kronologi
Allies
(1983)
American Dream Live It Up
(1990)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
Robert Christgau(C+)[3]
Rolling Stone2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]

American Dream er det niande albumet til Crosby, Stills, Nash & Young, det femte studioalbumet deira og det andre som ein kvartett. Albumet kom ut i 1988 på Atlantic Records. Albumet nådde 16. plassen på Billboard 200 og selde til platinaplate.[5] Det vart det bestseljande albumet til Neil Young i 1980-åra.[6] Albumet er dedisert til Jan Crosby, Anne Stills, Susan Nash and Pegi Young.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Albumet var det første studioalbumet til kvartetten på 18 år og det var knytt stor forventning til utgjevinga. Neil Young lovde David Crosby i 1983 at han skulle kome saman med Crosby, Stills & Nash om Crosby kvitta seg med narkotikaproblemet sitt.[7] Crosby sat fem månader i fengsel i Texas Department of Corrections in Huntsville i 1986 og då klarte han nettopp dette. Young heldt ordet sitt og kvartetten gjekk i studio for å spele inn det andre CSNY-albumet på ranchen til Young i Woodside i California.[8][9]

Tittelsporet, skriven av Neil Young, var ein satire om dei sensasjonelle politiske skandalane som involverte Oliver North, den tidlegare presidentkandidaten Gary Hart og televangelisten Jimmy Swaggart. Songen kom ut på singel, men gjekk ikkje inn på Billboard Hot 100. Det gjorde heller ikkje tre av dei fire andre singlane som kom ut frå albumet. Den einaste singelen som gjekk inn på lista var «Got it Made», som nådde 69. plassen.

«Got It Made» var skriven av Stephen Stills med hjelp frå Young, talte til dei tidlegare tilhengjarane til CSNY som ønskte at bandet skulle hugse den tidlegare idealismen sin, samstundes som dei sjølv levde lukkelege og trygge privatliv. «Compass» av David Crosby er ein song om kor mykje tid han hadde kasta bort på dop.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

David Crosby fortalte «Heile greia, innspelinga av American Dream, vart strekt ut. Og me hadde eigentleg ikkje dei beste songane å arbeide med. Så på trass av at me ikkje hadde nok gode songar enda me opp med å putte fjorten av dei på albumet! Eg syns det var idiotisk.»[10] For første gongen i historia til gruppa vart ingen av songane frå eit studioinnspeling faste songar på konsertane deira.[11]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

American Dream var meint å vere eit konseptalbum om den amerikanske draumen, men verken kritikarane eller tilhengjarane klarte å sjå den store samanhengen. Rolling Stone-kritikaren Anthony DeCurtis skreiv, «trass i behagelege melodiar, ein og annan interessant song og dei gode harmoniane, er American Dream stort sett keisam.»[12] I boka The Worst Rock and Roll Records Of All Time skreiv Jimmy Guterman og Owen O'Donnell særleg vondt om albumet, og kåra American Dream til det fjerde verste albumet nokon sinne.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

# TittelLåtskrivar(ar)Innspelingsdato Lengd
1. «American Dream»  Neil Young3. mars 1988 3:15
2. «Got It Made»  Stephen Stills, Neil Young28. juli 1988 4:36
3. «Name of Love»  Neil Young25. februar 1988 4:28
4. «Don't Say Goodbye»  Graham Nash, Joe Vitale15. september 1988 3:23
5. «This Old House»  Neil Young4. mai 1988 4:44
6. «Nighttime for the Generals»  David Crosby, Craig Doerge24. mars 1988 4:20
7. «Shadowland»  Rick Ryan, Graham Nash, Joe Vitale24. april 1987 4:33

Side to[endre | endre wikiteksten]

# TittelLåtskrivar(ar)Innspelingsdato Lengd
1. «Drivin' Thunder»  Stephen Stills, Neil Young2. mars 1988 3:12
2. «Clear Blue Skies»  Graham Nash28. mars 1988 3:05
3. «That Girl»  Stephen Stills, Joe Vitale, Bob Glaub10. mai 1988 3:27
4. «Compass»  David Crosby22. mars 1988 5:19
5. «Soldiers of Peace»  Graham Nash, Craig Doerge, Joe Vitale16. september 1988 3:43
6. «Feel Your Love»  Neil Young21. juli 1988 4:09
7. «Night Song»  Stephen Stills, Neil Young28. juli 1988 4:17

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • David Crosbyvokal; akustisk gitar på «Clear Blue Skies» og «Compass»
  • Stephen Stills – vokal; gitar på «Name of Love», «Don't Say Goodbye», «Nighttime for the Generals», «Drivin' Thunder», «Clear Blue Skies», «That Girl», «Soldiers of Peace» og «Night Song»; klaverinstrument på «American Dream» og «Got It Made»; bass synthesizer på «Don't Say Goodbye»; bass, synthesizer and klapping på «Night Song»; perkusjon på «Drivin' Thunder»
  • Graham Nash – vokal; piano på «Don't Say Goodbye»; elektrisk gitar på «Nighttime for the Generals»; lydeffektar på «Shadowland»; klaverinstrument and munnspel på «Clear Blue Skies»
  • Neil Young – vokal; gitar på alle spor utanom «Compass»; alle instrument på «This Old House»; piano på «Don't Say Goodbye»; munnspel på «Compass»; perkusjon på «Name of Love» og «Feel Your Love»

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Joe Vitaletrommer på «American Dream», «Got It Made», «Name of Love», «Don't Say Goodbye», «Nighttime for the Generals», «Drivin' Thunder», «Clear Blue Skies» og «Night Song»; alle instrument, lydeffektar og vokal på «Shadowland»; klaverinstrument på «Clear Blue Skies», «That Girl», «Compass» og «Soldiers of Peace»; synthesizer på «Don't Say Goodbye»; perkusjon på «Drivin' Thunder» og «Feel Your Love»; vibrafon på «Feel Your Love»
  • Mike Finniganorgel på «Nighttime for the Generals»; klaverinstrument, korvokal på «Soldiers of Peace»
  • Bob Glaub – bass på «American Dream», «Got It Made», «Name of Love», «Nighttime for the Generals», «Drivin' Thunder», «Clear Blue Skies», «That Girl» og «Soldiers of Peace»
  • Joe Lala – perkusjon på «Got It Made», «Shadowland», «Clear Blue Skies» og «That Girl»; trommer på «Soldiers of Peace»
  • Chad Cromwell – trommer på «That Girl»
  • The Bluenotes: Tommy Bray, Claude Callilet, Larry Cragg, John Fumo, Steve Lawrence – horn på «That Girl»
  • Brian Bell – synthesizerprogrammering på «This Old House»
  • Rhett Lawrence – synthesizerprogrammering på «Soldiers of Peace»
  • Niko Bolas, Tim Mulligan, Tim Foster, Brentley Walton – klapping på «American Dream»
  • Bill Boydston, Don Gooch, Bill Lazerus – lydeffektar på «Shadowland»
  • The Volume Dealers Choir: Kelly Ashmore, Betsy Aubrey, Tom Banghart, Cha Blevins, Niko Bolas, Craig Doerge, Scott Gordon, R. Mac Holbert, Stanley Johnston, Bill Krause, Debbie Meister, Tim Mulligan, Susan Nash, Jay Parti, Steve Perry, Vince Slaughter, Joe Vitale, Paul Williamson – korvokal på «Soldiers of Peace»

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.discogs.com/Crosby-Stills-Nash-Young-American-Dream/release/2069464
  2. Ruhlmann, W. (2011). «American Dream - Crosby, Stills, Nash & Young | AllMusic». allmusic.com. Henta 21. januar 2019. 
  3. «Robert Christgau: CG: Crosby, Stills, Nash & Young». Henta 23. januar 2019. 
  4. Decurtis, A. (2011). «Crosby, Stills, Nash and Young: American Dream : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 16. januar 2009. Henta 21. januar 2019. 
  5. RIAA Gold and Platinum searchable database henta 23. august 2015
  6. «RIAA - Soundscan». Greasylakes. Henta 23. januar 2019. 
  7. Zimmer, Dave. Crosby, Stills & Nash The Biography. Da Capo Press 2000, ISBN 0-306-80974-5, s. 264.
  8. Four Way Street The Crosby, Stills, Nash & Young Reader. Da Capo Press 2004, ISBN 0-306-81277-0, s. 275-276. Article by Dave Zimmer, originally in BAM 22. april 1988.
  9. Zimmer, Dave. op. cit., s. 263, 266.
  10. Zimmer, Dave. op. cit., p. 266.
  11. Setlist.fm website henta 23. august 2015
  12. Rolling Stone review henta 23. august 2015