Amerikakoffert
Hopp til navigering
Hopp til søk
Amerikakoffert er ei reisekiste eller ein stor koffert laga av tre, metall eller lêr med eit låsbart lok. Kofferten kunne også ha innvendige skuffer.[1] Han blei særleg brukt av utvandrarar frå Europa til Amerika på 1900-talet.
Amerikakofferten er kjend som eit symbol på den store utvandringa frå Europa til Nord-Amerika på 1800-talet. Han inneheldt utstyr og eventuelt mat som ein kom til å trenga undervegs og etter at ein kom fram til reisemålet.[2]
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «amerikakoffert - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 26. oktober 2019
- ↑ «December: Amerikakoffert - Norrbottens museum», norrbottensmuseum.se, henta 26. oktober 2019
- Denne artikkelen bygger på «Amerikakoffert» frå Wikipedia på svensk, den 26. oktober 2019.