Amerikaskjeggfuglfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Amerikanske skjeggfuglar)
Hopp til navigering Hopp til søk
Amerikaskjeggfuglfamilien


Raudhovudskjeggfugl, Eubucco bourcierii Foto: Ana Agreda
Raudhovudskjeggfugl, Eubucco bourcierii
Foto: Ana Agreda
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Piciformes
Familie: Capitonidae
Slekter
  • Capito
  • Vitskapleg namn
    Capitonidae

    Amerikaskjeggfuglfamilien er ein biologisk familie Capitonidae, i ordenen Piciformes, som lever i fuktige skogar i Sentral-Amerika og Sør-Amerika. Som andre skjeggfuglar er dei er tett nærskyle til tukanar.

    Amerikaskjeggfuglar er for det meste trelevande fuglar som hekkar i hole tre. Dei et frukt og insekt. Desse fuglane er ikkje trekkfuglar.

    To artar av amerikanske skjeggfuglar er oppført som trua av IUCN: kvitryggskjeggfugl i Colombia er oppført som trua, utbreiinga er trua av avskoging ved utviding av landbruksareal, inkludert kokaplantasjer, og gruvedrift. Den relativt nyleg oppdaga arten raudbelteskjeggfugl i Peru er truleg sårbar på grunn av liten populasjon, rekna til under tusen fuglar, sjølv om habitatet ikkje er umiddelbart trua.

    Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

    Capitonidae var tidlegare ein parafyletisk familie av alle skjeggfuglar, men no vanlegvis rekna som sin eigen familie avgrensa av dei amerikanske slektene Capito og Eubucco.

    Artslista[endre | endre wikiteksten]

    Amerikaskjeggfuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

    Slekt Capito

    Slekt Eubucco

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar[endre | endre wikiteksten]

    1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
    2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Amerikaskjeggfuglfamilien