Amerikasaksenebb
| Amerikasaksenebb | |
Amerikasaksenebb i hekkedrakt | |
Unge av amerikasaksenebb | |
| Status | |
| Status i verda: | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
| Familie: | Måsefamilien Laridae |
| Slekt: | Saksenebbar Rynchops |
| Art: | Amerikasaksenebb R. niger |
| Vitskapleg namn | |
| Rynchops niger | |
Amerikasaksenebb (Rynchops niger) er ein sjøfugl som liknar på terna og høyrer til i måsefamilien (Laridae). Han er éin av tre artar i slekta Rynchops, som alle er kjenneteikna av det særmerkte nebbet. Arten hekkar i Nord-Amerika og Sør-Amerika. Dei nordlege bestandane overvintrar i varmare farvatn i Karibia og langs dei tropiske og subtropiske kystane i Stillehavet og Atlanterhavet, medan søramerikanske populasjonar berre gjer kortare rørsler i samband med årlege flaumar som utvidar næringsområda i grunne elvesletter. Verdas naturvernunion vurderer arten som livskrafig jamvel om populasjonen har ein minkande trend.[1]
Systematikk
[endre | endre wikiteksten]Amerikasaksenebb vart skildra av den svenske naturforskaren Carl von Linné i 1755 i den tiande utgåva av Systema Naturae, og fekk det vitskaplege namnet Rynchops niger. Slektsnamnet Rynchops kjem frå gresk ῥυγχος: rhunkhos, «nebb», og κόπτω: koptō, «kutte av». Artsnamnet niger er latin og tyder «svart». Arten er éin av tre i slekta Rynchops. Det finst tre underartar.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Amerikasaksenebb er den største av saksenebba. Lengda er 40–50 cm, vengespennet 107–127 cm. Han veg mellom 212 og 447 gram; hannane i snitt kring 349 g, hoene mindre, kring 254 g. Nebbet er raudt ved basis, elles mest svart, og den nedre nebbgreina er mykje lengre enn den øvre. Auga har mørkebrun iris og ein katteaktig, loddrett pupill – unikt blant fuglar. Beina er raude. Lokkeropet er eit bjeffande «kak-kak-kak».
Fuglar i hekkedrakt har svart isse, nakke og overside. Panna og undersida er kvit. Oversida av vengene er svart med kvite bakkantar, medan stjert og gump er mørkgrå med kvite kantar. Undersida av vengene varierer frå kvit til mørkgrå etter område.
Utanom hekkesesongen er dei lysare og brunare på oversida, med eit kvitt band i nakken. Ungfuglar har brune oversider med kvite spissar på fjørene. Dei har kvit panne og underside, og under vengene liknar dei vaksne.
Utbreiing og levevis
[endre | endre wikiteksten]Amerikasaksenebb er sosiale fuglar som ofte samlast i flokkar på sandbankar ved elvar, langs kystar og i lagunar. Leveområdet er langs atlanterhavskysten og kysten av Mexicogolfen av Nord-Amerika frå Massachusetts i USA i nord, i Sør-Amerika også inn i landet ved elvar, sørover til Buenos Aires-provinsen. Dei lever også langs stillehavskysten, frå California i nord til Chiloé-øyane i sør.[2]
Hekking
[endre | endre wikiteksten]Arten hekkar i lause koloniar på sandbankar og sandstrender. Ho legg tre til sju egg, bleikgule eller blåaktige med mørke flekkar, som vert ruga av begge kjønn. Ungane forlét reiret straks etter klekking og gøymer seg i reirgropa, der foreldra skuggar dei mot varmen. Dei kan òg grava eigne groper i sanden. Foreldra mater dei nesten berre om dagen, då heile kolonien stundom forlèt hekkeområdet om natta for å sanke føde. Over- og undernebbet er like lange ved klekking, men den undernebbet vert raskt lengre under oppveksten.
Føde
[endre | endre wikiteksten]Saksenebbar har ein lett, elegant flukt med jamne vengeslag. Dei søkjer føde oftast i store flokkar, flyg lågt over vassflata og slepar den lange nedre nebbgreina i vatnet for å fange bytte ved berøring. Føda består hovudsakleg av små fiskar, men òg insekt, krepsdyr og skjel; næringssøk skjer både om dagen og særleg om natta.
Hoa deltek oftare i mating og stell av ungane, men hannar er observerte når dei gjev større bytte til eldre ungar. Overleving hjå ungane er avhengig av god tilgang på bytte av høveleg storleik nær reirstaden. Ungar under seks dagar gamle vert fora opptil tolv gonger dagleg, medan eldre ungar, over tolv dagar, får mat minst éin gong om dagen. Arten søkjer føde hovudsakleg i skumring og om natta, men òg på dagtid som førebuing til nattleg næringssøk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen inneheld omsett tekst frå «Black skimmer» frå Wikipedia på engelsk, den 31. august 2025
- Gochfeld, M., J. Burger, and K. L. Lefevre (2020). Black Skimmer (Rynchops niger), version 1.0. In Birds of the World (S. M. Billerman, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.blkski.01
- Referansar
- ↑ BirdLife International (2016). «Rynchops niger». IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T22694256A93442996. doi:10.2305/IUCN.UK.2016-3.RLTS.T22694256A93442996.en. Henta 31. august 2025.
- ↑ Gochfeld et al 2020
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Amerikasaksenebb hos Artsdatabanken
- (en) Amerikasaksenebb – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Amerikasaksenebb i Catalogue of Life
- (en) Amerikasaksenebb i Encyclopedia of Life
- (en) Amerikasaksenebb i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Amerikasaksenebb hos ITIS
- (en) Amerikasaksenebb hos NCBI
- (en) Kategori:Rynchops niger – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Rynchops niger – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Rynchops niger – detaljert informasjon på Wikispecies