Amerikaskjeggfuglfamilien
Amerikanske skjeggfuglar | |
![]() Raudhovudskjeggfugl, Eubucco bourcierii Foto: Ana Agreda
| |
Utbreiing | |
![]() Utbreiinga av Amerikanske skjeggfuglar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Coraciimorphae |
Orden: | Spettefuglar Piciformes |
Familie: | Amerikanske skjeggfuglar Capitonidae Bonaparte, 1838 |
Amerikaskjeggfuglfamilien er ein biologisk familie Capitonidae, i ordenen Piciformes, som lever i fuktige skogar i Sentral-Amerika og Sør-Amerika. Som andre skjeggfuglar er dei er tett nærskyle til tukanar.
Amerikaskjeggfuglar er for det meste trelevande fuglar som hekkar i hole tre. Dei et frukt og insekt. Desse fuglane er ikkje trekkfuglar.
To artar av amerikanske skjeggfuglar er oppført som trua av IUCN: kvitryggskjeggfugl i Colombia er oppført som trua, utbreiinga er trua av avskoging ved utviding av landbruksareal, inkludert kokaplantasjer, og gruvedrift. Den relativt nyleg oppdaga arten raudbelteskjeggfugl i Peru er truleg sårbar på grunn av liten populasjon, rekna til under tusen fuglar, sjølv om habitatet ikkje er umiddelbart trua.
Taksonomi
[endre | endre wikiteksten]Capitonidae var tidlegare ein parafyletisk familie av alle skjeggfuglar, men no vanlegvis rekna som sin eigen familie avgrensa av dei amerikanske slektene Capito og Eubucco.
Artslista
[endre | endre wikiteksten]Amerikaskjeggfuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
Slekt Capito
- Gullbrystskjeggfugl, Capito aurovirens, Scarlet-crowned Barbet, LC, Cuvier, 1829
- Amazonskjeggfugl, Capito dayi, Black-girdled Barbet, VU, Cherrie, 1916
- Flekkroneskjeggfugl, Capito maculicoronatus, Spot-crowned Barbet, LC, Lawrence, 1861
- Eldpanneskjeggfugl, Capito squamatus, Orange-fronted Barbet, NT, Salvin, 1876
- Kvitryggskjeggfugl, Capito hypoleucus, White-mantled Barbet, VU, Salvin, 1897
- Raudbelteskjeggfugl, Capito wallacei, Scarlet-banded Barbet, VU, O'Neill, Lane, Kratter, Capparella et al., 2000
- Femfargeskjeggfugl, Capito quinticolor, Five-colored Barbet, VU, Elliot, 1865
- Brunbrystskjeggfugl, Capito brunneipectus, Brown-chested Barbet, LC, Chapman, 1921
- Auroraskjeggfugl, Capito niger, Black-spotted Barbet, LC, Müller, 1776
- Gyllenpanneskjeggfugl, Capito auratus, Gilded Barbet, LC, Dumont, 1816
Slekt Eubucco
- Sitronstrupeskjeggfugl, Eubucco richardsoni, Lemon-throated Barbet, LC, Gray, 1846
- Inkaskjeggfugl, Eubucco tucinkae, Scarlet-hooded Barbet, LC, Seilern, 1913
- Raudhovudskjeggfugl, Eubucco bourcierii, Red-headed Barbet, LC, Lafresnaye, 1845
- Fleirfargeskjeggfugl, Eubucco versicolor, Versicolored Barbet, LC, Müller, 1776
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen starta med stoff frå «Capitonidae» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mai 2011
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]