Amerikaslangehals

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amerikaslangehals
Amerikaslangehalshann
Amerikaslangehalshann
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Amerikaslangehals
Utbreiinga av Amerikaslangehals
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Sulefuglar Suliformes
Familie: Slangehalsar Anhingidae
Slekt: Anhinga
Art: Amerikaslangehals A. anhinga
Vitskapleg namn
Anhinga anhinga

Amerikaslangehals (Anhinga anhinga) er ein fugl i gruppa slangehalsar. Han lever i den sørlege delen av Nord-Amerika, i Mellom-Amerika og i den nordlege delen av Sør-Amerika.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Amerikaslangehalsen er ca. 85 cm lang og har eit vingespenn på 117 cm. Han veg ca. 1 350 gram. Fuglen er svart, og likner derfor på ein skarv, men slangehalsane kan kjennast igjen på den lange halsen sin som har gjeve dei namnet «slangehals».

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Amerikaslangehalsen et fisk, som han dykkar etter. Han mangler gumpkjertel som kan produsera vassavstyøtande olje. Dette gjer at slangehalsen ikkje kan symja slik til dømes skarvar gjer, sidan fjørene trekk til seg vatn som gjer fuglen tyngre.

Status[endre | endre wikiteksten]

Amerikaslangehals er verna i USA etter Migratory Bird Treaty Act.[1] Arten er rekna som livskraftig. Ein kjenner ikkje det nøyaktige talet på individ, men fuglane er utbreidde i det 15 000 000 km² store leveområdet sitt.[2]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. U.S. Fish and Wildlife Service (1995). «Birds Protected by the Migratory Bird Treaty Act». Arkivert frå originalen 8 May 2008. Henta 15 September 2008. 
  2. BirdLife International (2012). «Anhinga anhinga». IUCN. Henta 26. november 2013.