Amfidromisk punkt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tidvatn i verdshava. Dei mørkeblåområda er dei amfidromiske punkta.

Eit amfidromisk punkt er eit punkt innanfor eit tidvassystem der tidevasskilnaden er omtrent null fordi tidevassbølgjer i ulik fase utliknar kvarandre på denne staden.

Amfidromiske punkt oppstår pga coriolis-effekten og interferens mellom undersjøiske basseng og bukter, som lagar eit bølgjemønster som dreier seg om det amfidromiske punktet. Ved det amfidromiske punktet er det nesten ikkje noko vertikal rørsle. Det kan vere tidvasstraumar, sidan vassivået er ulikt på kvar side av det amfidromiske punktet.

Amfidromiske punkt finst ved Tahiti, utanfor Newfoundland, nær South Shetlands, midtveges mellom Rio de Janeiro og Angola, tre stader i Nordsjøen og generelt sett fleire stader i Stillehavet, Atlanterhavet og Indiahavet. Øya Madagaskar er eit amfidromisk punkt, det same gjeld for New Zealand.

Norskekysten påverkast av samansett tidvatn i sør: ei bølgje går rundt Skottland og ei gjennom Den engelske kanalen - desse møtest usynkront på Sørlandskysten som difor har det minste tidvatnet i Noreg.

Linjer på eit kart som har same same tid for høgvatn vert kalla kofase-linjer eller isorakiar. Slike linjer vil stråle ut i forskjellige retningar frå eit amfidromisk punkt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]