Ami'ad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°55′41.69″N 35°32′26.52″E
Ami'ad
Ammi'ad
landsby
Ami'ad.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Øvre Galilea
Koordinatar 32°55′41.69″N 35°32′26.52″E
Folketal 432 (2011) [1]
Grunnlagd 1946
 - Grunnlagd av Palmach
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ami'ad

Ami'ad (hebraisk skrift עַמִּיעַד) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg nær Safed, og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 432.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Grunnleggjarane var ein gar'in av 28 ungdomar som opphavleg kom frå ungdomslandsbyen Ben Shemen (redda frå Europa før grensene vart stengde) og ei gruppe ungdomar frå Kibbutz Hulda.[2] Den opphavlege planen var å førebu utposten som ein framtidig busetnad for demobiliserte soldatar frå Den jødiske brigaden til den britiske hæren, men i staden valte dei å busetje seg i utposten sjølv.[2]

Gruppa kom frå Hanoar Haoved-rørsla [3] og den første som danna ei eining i Palmach.[2]

Dei slo seg først ned på ein ås kring to kilometer sør for dagens Ami'ad, og kalla busetnaden sin Jubb Yosef etter nærliggande ruinar. Dei flytta seinare til den noverande staden, og kalla kibbutzen HaHoshlim, før dei tok det noverande namnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israel Central Bureau of Statistics. 2011. Henta 8. mars 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 http://www.amiad.org.il/Media/Doc/a%20short%20history%20of%20Amiad.pdf A short history of Amiad
  3. Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 191. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]