Amid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strukturen til tre typar amid: eit organisk amid, eit sulfonamid og eit fosforamid

Amid (av ammoniakk og -id) eller syreamid er sambindingar mellom ammoniakk eller eit amin og acylgrupper (syreradikal). Kjende amid er acetamid (CH3CONH2), acetanilid (CH3CONHC6H5) og urea (H2NCONH2). Om to acylgrupper er knytte til ammoniakk eller eit primært amin vert sambindingane kalla imid. Amida er til skilnad frå amina ikkje basar, og reagerer nøytralt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«amider» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 5. januar 2017.

Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.