Amiga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Amiga».
Amiga


ProdusentCommodore International
Typeelectronic device model
ProsessorMotorola 68000
DesignarCommodore International
Lansertjuli 1985
Operativsystem (OS)AmigaOS
Ei Amiga 500-maskin med 1084S RGB-skjerm og A1010-diskettstasjon.

I datavitskapen er Amiga nemninga på ei rad ulike datamaskiner som har vore baserte på 68000-processorane frå Motorola. Det finst dessutan nyutgjevingar av Amiga-maskina, kalla AmigaONE, som er baserte på PowerPC-arkitekturen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Utviklinga av det som først skulle vera ei spelmaskin byrja i 1982.

Den første Amiga-maskinvara vart teikna av Jay Miner. Ho var skilsetjande da ho kom i 1985 og hadde brikkesettet OCS (original chipset) med høgt utvikla bilete- og lydeigenskapar. Amiga vart ei populær spelmaskin, særleg i Europa, da folk bytte ut 8-bit-maskiner som Commodore 64. Amiga fekk òg ei marknadsrolle i video-tilverking.

Da produsenten Commodore gjekk konkurs i 1993, gjekk Amiga-teknologien ei uviss framtid i møte. Rettane til Amiga-teknologien har mange gonger vorte overtekne av nye interessentar, men kvar gong har det vist seg at dei nye eigarane ikkje har vore interesserte eller ikkje i stand til å utvikle nye Amiga-modellar.

Amiga-modellar[endre | endre wikiteksten]

Dei ulike Amiga-modellane:

Tekniske eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Operativsystem[endre | endre wikiteksten]

Amiga vart tidleg kjend for å ha godt utbygd samkøyring i det operativsystemet som i dag er kjent som AmigaOS. Operativsystemet var mellom anna i stand til å køyre multitasking, noko som midt i 1980-åra var uvanleg på andre maskiner enn dei som køyrde UNIX. Operativsystemet brukte ikkje memory-protection, og dette gjorde at systemet arbeidde særs snøgt. Minuset med denne filosofien var at programmeraren laut vita kva han heldt på med om han ikkje skulle øydeleggje for andre program. Dette er den same problematikken som vi framleis har i moderne sanntidsoperativsystem.

Andre operativsystem som enno finst og er istandhaldne for classic Amiga er Linux, NetBSD, og OpenBSD. Commodore Amiga Unix (bygd på AT&T System V Rel. 4) fanst berre til A2500 og A3000.

Amiga i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Noreg var eitt av dei landa der Amiga har vore mykje bruka. Særleg innanfor demoscenen var det mange dugande Amiga-utviklarar. Det var dessutan eit svært aktivt BBS-miljø for Amiga-brukarar. Eit nettverk av såkalla elitebasar heldt det gåande med spreiing av spel og programvare for Amiga til langt uti 1990-åra.