Amioun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amioun
أميون
by
Land  Libanon
Guvernement Nord guvernement
Distrikt Koura distrikt
Koordinatar 34°18′0″N 35°48′0″E
Areal 1 137 km²
Folketal 10 658  (2010)[1]
Folketettleik 9 / km²
Grunnlagd ca. 4 000 fvt. av fønikarane
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961
Kart
Amioun
34°17′58″ N 35°48′35″ E
Wikimedia Commons: Amioun
Nettstad: http://www.amioun.org

Amioun (arabisk أميون, Amyūn) er det administrative senteret i den hovudsakleg gresk-ortodokse Koura distrikt nord i Libanon.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet Amioun kjem frå arameisk og tyder 'staden til grekarane'. Amioun ligg på toppen av ein gammal ås, og vart kalla «Amia» i antikken.[2] Amia er nemnt i Amarnabreva sende på 1300-talet fvt.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Amioun ligg i hjartet av Nord-Libanon og er det administrative senteret i Koura distrikt. Amioun ligg 330 meter over havet, og kring 78 km nord-nordaust for Beirut. Han ligg kring 42 km frå Guds seder-skogen og 18 km frå Tripoli, senteret i Nord guvernement.

Han ligg mellom sjøen og fjella og ei rekkje åsar som strekkjer seg frå aust til vest. Amioun er kjend for oliventre og olivenolje.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Amioun er ein særs gammal busetnad med ei historie som går attende til eldre steinalder. Dette vert støtta av fleire små grotter bygd inn i klippene i byen. Ein meiner at det semittiske folket busette seg her kring år 4000 fvt.

Amion har spor frå antikken, mellomalderen og meir moderne tid. Somme av byggverka i byen kan sporast tilbake til heidenske religionar. Då kristendomen kom til området vart dei heidenske templa i Amioun omgjort til kyrkjer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 29. november 2014, henta 20. september 2014 
  2. arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 10. mai 2013, henta 20. september 2014