Amir Kabir-demninga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amir Kabir-demninga
demning
Karaj dam.jpg
Land Flag of Iran.svg Iran
Innsjø Amir Kabir-vatnet
elv Karajelva
Koordinatar 35°57′23″N 51°5′26″E
Lengd 390 m
Høgd 180 m
Opning 1961
 - Byggjestart 1957
Kapasitet 90 MW

Amir Kabir-demninga
35°57′26″ N 51°5′28″ E
Wikimedia Commons: Amir Kabir Dam

Amir Kabir-dammen (persisk سد امیر کبیر) òg kalla Karaj-dammen er ei demning i Karajelva sentralt i Alborzfjella nord i Iran.

Demninga ligg 63 km nordvest for Teheran og 23 km nord for Karaj. Amir Kabir-dammen var den første fleirbruksdemninga i Iran.[1]

Bygginga av demninga byrja i 1957 av Morrison-Knudsen Co. og stod ferdig i 1961.[2][3]

Demninga er 180 meter høg og er 390 meter lang på toppen.[4] Den årlege vasstilførsla i reservoaret er 472 millionar kubikkmeter. Den totale kapasiteten til reservoaret er 202 millionar kubikkmeter. Normalt vassnivå er 1610 meter over havet, men ved låg vassføring kan det tappast ned til 1545 meter over havet.[5]

Amir Kabir-demninga

Amir Kabir-dammen vart bygt som vasskjelde for Teheran og jordbruket i Karaj. Seinare vart det lagt til eit vasskraftverk med ein kapasitet på 90 megawatt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. City of Karaj information network
  2. Amirkabir Dam Inaugurated, arkivert frå originalen 2010-03-18, henta 11. april 2021 
  3. [1]
  4. Amirkabir Dam Inaugurated, arkivert frå originalen 2010-03-18, henta 11. april 2021 
  5. Optimization of reservoir volume of the Amirkabir dam by yield mode, by Arash Adib and Ali Reza Mohammadi Majd [2][daud lenkje]