Amman guvernement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°56′59″N 35°55′58″E
Amman guvernement
محافظة العاصمة
guvernement
Amman Hotel Regency.jpg
Abdali dannar hjartet av Amman.
Land Flag of Jordan.svg Jordan
Distrikt 9
Hovudstad Amman
 - høgd 777 moh
 - koordinatar 31°56′59″N 35°55′58″E
Areal 7 579 km²
Folketal 2 473 400 (2012)
Governor Samir Mubaidhin
Tidssone GMT +2
Retningsnummer +(962)6
Urban 94%
Rural 6%
Amman guvernement i Jordan
Amman guvernement i Jordan
Wikimedia Commons: Amman Governorate

Amman guvernement eller Muhafazat al-Asima ('Hovudstadsguvernementet', arabisk skrift محافظة العاصمة) er eit guvernementet i Jordan som omfattar hovudstaden i landet, Amman.

Amman guvernement har det høgaste folketalet av dei 12 guvernementa i Jordan. Det grensar til Zarqa guvernement i nord og nordaust, Balqa og Madaba i vest, Karak og Ma'an i sør, og til Saudi-Arabia i aust.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bysantinsk mosaikk i St. Stefan-kyrkja i Umm ar-Rasas.
'Ain Ghazal-Venus er datert attende til 7250 fvt., og den eldste statuen ein kjenner til i menneskehistoria. Han er utstilt i Jordan arkeologiske museum.

Området som Amman guvernement dekkjer, har vore busett sidan førhistorisk tid, og ein har funne ruinar av sivilisasjonar datert attende til 7250 fvt. ved 'Ain Ghazal nær Amman.

Amman var hovudstaden til ammonittane , som dei kalla Rabbath Ammon. Ammonittane styrte nesten heile landområdet som Amman guvernement dekkjer. Etter romarane tok kontroll over regionen, fekk Amman namnet Filadelfia, og var ein av ti romerske byar i Dekapolis. Etter at dei muslimske arabarane erobra området, fekk Filadelfia attende namnet Amman. Den bysantinske staden Umm ar-Rasas fekk status som verdsarvstad i 2004.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i guvernementet er austleg middelhavsklima. Sidan Amman ligg i ei høgd er årsnedbøren og temperaturen variabel innafor guvernementet . Til dømes kan det snø i området Sweileh, som ligg 1050 meter over havet, men vere skya utan nedbør i sentrum av Amman, som ligg 780 moh. Guvernementet er det tjredne største i Jordan etter areal, og det største etter folketal.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 2004 hadde Amman guvernement 1 942 066 innbyggjarar, opp frå 1 576 238 i 1994, med ein årleg vekst på 2,1 %.[1] I 2009 vart det estimert at folketalet var 2 380 000.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Amman guvernement er delt inn i ni nahiyaher,[2] fem av desse ligg i storbyområdet kring Amman.

Nahiyaher i Amman guvernement etter folketal (2004)[3]
nahiyah Arabisk namn Nahiyaer Folketal (2004) Adm. senter
1 Al-Qasaba nahiyah لواء قصبة عمان omfattar seks bydelar i Amman 552 511 Abdali
2 Marka nahiyah لواء ماركا omfattar fire bydelar i Amman storbyområde 483 819 Marka
3 Al-Qwesmeh nahiyah لواء القويسمة omfattar tre bydelar i Amman storbyområde 257 260 Al Juwayyidah
4 Universitet nahiyah لواء الجامعة omfattar seks bydelar i Amman storbyområde 279 359 Al Jubayhah
5 Wadi Al Seer nahiyah لواء وادي السير omfattar tre bydelar i Amman storbyområde og 12 andre byar og landsbyar 173 792 Wadi Al Seer
6 Naour nahiyah لواء ناعور omfattar 25 byar og landsbyar 66 220 Naour
7 Sahab nahiyah لواء سحاب omfattar 7 byar og landsbyar 57 037 Sahab
8 Al Jizah nahiyah لواء الجيزة omfattar 62 byar og landsbyar 42 051 Al Jizah
9 Muwaqqar nahiyah لواء الموقر omfattar 26 byar og landsbyar 30 017 Al Mushaqqar

Byar og landsbyar[endre | endre wikiteksten]

`Abdun, Abu `Alandah, Adh Dhuhaybah, Al `Al, Al `Amiriyah, Al `Arid, Al `Arudah, Al Bahhath, Al Bassah, Al Bunayyat al Janubiyah, Al Bunayyat ash Shamaliyah, Al Hawwasiyah, Al Hummar, Al Jizah, Al Jubayhah, Al Judayyidah, Al Jumayyil, Al Juwayyidah, Al Lubban, Al Mabrak, Al Mahattah, Al Manakhir, Al Mathluthah, Al Muqabalayn, Al Mushaqqar, Al Mushayrifah, Al Mushayrifah, Al Muwaqqar, Al Qartu`iyah, Al Qastal, Al Qunaytirah, Al Qurayyat, Al Quwayjiyah, Al Quwaysimah, Al Yadudah, `Ammuriya, An Naqubah, An Nuwayjis, `Ara`ir, Ar Rabahiyah, Ar Rajib, Ar Riwaq, Ash Shufatah, Ash Shumaysani, Ash Shuqayq, As Samik, As Saqrah, Ath Thughrah, `Atruz, At Tunayb, Barazin, Barzah, Barzah, Bayt Zir`ah, Biddin, Bilal, Buqay` al Qababi`ah, Dab`ah, Dhiban, Dhuhaybah, Dulaylat al Hama'idah, Dulaylat al Mutayrat, Halaq ash Shuqayq, Hawwarah, Hisban, `Irak al Amir, Jalul, Jawa, Juraynah, Khilda, Khirbat `Assaf, Khirbat as Sahilah, Khirbat Badran, Khirbat Khaww, Khirbat Siran, Khuraybat as Suq, Kufayr Abu Sarbut, Kufayr al Wakhyan, Kufayrat Abu Khinan, Madaba, Ma`in, Manja, Marka, Mukawir, Mulayh, Murayjimat Ibn Hamid, Natl, Na`ur, Qasr al Hallabat, Qubur `Abd Allah, Qurayyat Falhah, Qurayyat Nafi`, Qurayyat Salim, Rujaym Salim, Rujm ash Shami, Rujm ash Shara'irah, Sahab, Shunat Ibn `Adwan, Sufah, Sumiya, Suwaylih, Tabarbawr, Tila` al `Ali, Umm al `Amad, Umm al Birak, Umm al Hanafish, Umm al Kundum, Umm al Qanafidh, Umm ar Rasas, Umm as Summaq, Umm Juraysat, Umm Nuwarah, Umm Qusayr, Umm Qusayr, Umm Rummanah, Umm Shujayrah al Gharbiyah, Umm Zuwaytinah, `Urjan al Gharbiyah, `Urjan ash Sharqiyah, `Uyun adh Dhi'b, Wadi as Sir, Yajuz, Zaba'ir `Udwan, Zuwayza

Kjelder[endre | endre wikiteksten]