Ammassalik kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ammassalik kommune
kommune
Luftfoto av Ammassalik-området
Land  Grønland
Areal 232 100 km²
Folketal 3 069 (2007)
Kart
Ammassalik kommune
65°36′52″N 37°38′11″W / 65.614347°N 37.636438°W / 65.614347; -37.636438
Wikimedia Commons: Ammassalik Island

Ammassalik kommune, grønlandsk Ammassalip Kommunia, er den sørlegaste av to tidlegare kommunar på Aust-Grønland. Den andre er Ittoqqortoormiit.

Kommunen vart oppretta 1. januar 1963. Per 1. januar 2005 var det i alt 3 018 innbyggjarar i kommunen, fordelt på 1 852 i hovedbyen Tasiilaq og 1 166 i dei 5 bygdene Kuummiut, Kulusuk, Tiilerilaaq, Sermiligaaq og Isertoq. I den tidlegare kommuneinndelinga grensa kommunen til heile 10 andre kommunar, fleire enn nokon annan av dei tidlegare kommunane på Grønland;

Totalt areal er 250 000 km², ca. 5 gonger storleiken til Danmark. Det meste av kommunen er dekt av is.

Kommunekontoret i Tasiilaq er ein enkel og praktisk innretta bygning. Han er mot sedvane i Grønland å halda dyre arkitektkonkurransar, bygga vert teikna og vert i staden oppført av fagfolk innanfor byggebransjen.

Året rundt er det fleire vekentlege flysamband til kommunen via Kangerlussuaq lufthamn (Søndre Strømfjord), via Nerlerit Inaat lufthamn (Konstabel Pynt) og via ReykjavíkIsland. Om sommaren går det mange rutefly mellom dei Reykjavík og Kulusuk, med 1 til 3 fly dagleg.

Ein kan òg reisa dit med båt frå juni til oktober.

Ammassalik Museum held til i Tasiilaqs gamle kyrkje. Museet er eit lokalt kulturhistorisk museum, og eit av dei yngste lokalmusea på Grønland. Det vart teke i bruk i 1990.

Den siste borgarmeisteren i kommunen var Vittus Mikaelsen.

Byar og tettstader i tidlegare Ammassalik kommune[endre | endre wikiteksten]

  • Ikkatteq (Ikâteq), 1 innbyggjar (ligg på ei lita øy rett austom Ammassalik Ø)
  • Isertoq (Isortoq), 120 innbyggjarar
  • Kulusuk (Cape Dan), 310 innbyggjarar (ligg på ei øy austom Ammassalik Ø)
  • Kuummiut (Kúngmiut), 392 innbyggjarar
  • Qernertuarssuit, fraflytta 1. januar 2005 (1 innbyggjar pr 1. januar 2004)
  • Sermiligaaq (Sermiligâq), 212 innbyggjarar
  • Tiilerilaaq (Tiniteqilaaq), 148 innbyggjarar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]