Amme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ludvig XIV av Frankrike med amma si kring 1640.

Amme er ei kvinne som har i oppgåve å ammar barnet til ei annna kvinne. Bruk av ammer var utbreidd i Europa for kvinner av høg sosial status heilt fram til byrjinga av 1900-talet. Ammer overtok om mor til barnet døydde, drog vekk eller ikkje hadde nok morsmjølk. På grunn av sosiale endringar og utviklinga av mjølkeerstatting er yrket i dag overflødig. Nokre stader kan likevel mødrer med ammekomplikasjonar framleis nytta amme.

Ei goldamme var ei kvinne som flaska opp babyen til ei anna kvinne eller passa han utan å ha han ved brystet.[1]

Historisk sett var amming den sikraste måten å ernæra spedbarn på dersom mora sjølv mangla mjølk eller ikkje ville ha barn ved brystet. Å gje sitt eige barn die blei gjennom tidene tillagt ulik tyding. I nokre kulturar blei det forventa at mødrer som såg seg råd til det, tilsette ei amma for sjølv å vera meir mobil. Til gjengjeld risikerte dei då å bli fortare gravide igjen enn om dei sjølv hadde hatt barnet ved brystet. Barnet fekk også ofte er meir fortruleg forhold til amma enn til mora si.

Amma har normalt fått barn sjølv. Medan ho produserer morsmjølk kan ho byrja å amma eit anna eller eit ytterlegare barn. Mjølkekjertlane vil då tilpassa produksjonen til behovet. Amma kan på denne måten amma ulike barn over mange år, så lenge ho held fram med amminga utan større avbrekk.

Motstand mot ammer[endre | endre wikiteksten]

I løpet av 1800-talet blei det mindre vanleg å bruka amme blant velståande familiar i Norden. Gustav Wied skriv at amma - som oftast ei kraftig, sunn kvinne i omfangsrik kjole og ein spesiell kysehatt# med breie svarte band hengande ned framme - måtte behandlast med «anstand og delikatesse». Ingen ville våga å foreslå at ho skulle delta i reinhaldet av barnerommet, då ville ho straks seia at det gjekk ut over krafta i mjølka hennar. «Ammene hersket over alle», «alt skal dreie seg om henne», heitte det. Amma var nok rekna som nyttig, men også ein vanske.[2]

Ein brukte òg ammer utanfor adel og høgare borgarskap. I København blei dei tilsette i vertshusmiljøet i Vesterbro, der eit spebarn var eit alvorleg hinder for yrkesutøvinga til mora. Men rundt 1900 retta legar i København sterk kritikk mot dei biologiske mødrene si ansvarsfråskriving, òg fordi skikken med å tilsetja gifte husmannskoner som ammer var i tilbakegang, til fordel for tilsetjingar av ugifte mødrer - og bakgrunnen deira og den personlege moralen var ein gjerne skeptisk til. Den kjende legen L. Meyer hevda at ei slik amme jo kunne smitta babyen med syfilis og tuberkulose. Ugifte kvinner visste nok òg lite om spedbarnsstell, og barnelegen S. Monrad meinte at det for mora måtte vera «et høyst pinlig og utiltalende syn» å sjå barnet sitt ved brystet til ei framand kvinne. Hadde mora ikkje mjølk sjølv, burde mjølka til amma i det minste gjevast til barnet frå flaske, så ein unngjekk fysisk kontakt med amma. I 1894 blei foreininga Spæde Børns Ernæring oppretta for å hjelpa fattige mødrer i København med steriliserte mjølkeblandingar, som blei sett på som sunnare enn heimekokt kumjølk laga på «soxlethske apparater». Frå foreininga kunne mødrene kjøpa mjølkeerstatning for 15 øre til eit døgns forbruk, framfor å betala 35-40 øre i butikkane. I 1908 oppretta De samvirkende Menighedsplejer helsestasjonar i København og på Frederiksberg for å få slutt på flaskeernæring til spebarn. Her blei det òg utdelt «ammepremier», ein gratis liter mjølk til mødrer som sjølv dia barnet sitt.[3]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Goldamme» Sproget.dk
  2. Tinne Vammen: Rent og urent (s. 158), Gyldendals bogklub, 1986, ISBN 87-00-25082-1
  3. Tinne Vammen: Rent og urent (s. 159-60)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Amme