Ammerån

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 63°09′15″N 16°13′05″E
Ammerån
elv
Ammerån March 2012.jpg
Ammerån i mars
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Län Jämtlands län
Nedslagsfelt 3 098 km²
Lengd 70 km
Vassføring
 - middel 45 /s
Kjelde Hammerdalssjön
 - høgd 302 moh.
Munning
 - koordinatar 63°09′15″N 16°13′05″E
Wikimedia Commons: Ammerån

Ammerån er ei elv i Strömsund og Ragunda kommune i det nordaustre Jämtland i Sverige. Elva, som er ei sideelv til Indalsälven, er kjent for sitt gode fiske. Den eigentlege Ammerån er rundt 70 kilometer lang og renn frå Hammerdalssjön (302 moh) til munningen i Indalsälven nær bygda Ammer, 10 km nordaust for Hammarstrand.

Dei to viktigaste tilløpselvane til Ammerån er Storån og Öjån, der Storån vert rekna som hovudtilløp. Begge elvane munnar ut i Hammerdalssjön. Rekna frå kjelda til Storån er Ammerån totalt 199 kilometer lang.[1] Det finst få andre sideelvar, men nemnast kan Halån, Borgan, Målån og Färsån. Det totale nedslagsfelt til Ammerån er 3 098 km².[2]

Ammerån har vore aktuell for vasskraftutbygging, men protestane vart store, og Ammerån er no i staden verna mot vasskraftutbygging. Den delen av elva som byrjar ved Solbergsvattnet like nedanfor Edeforsen og held fram seks mil nedstraums er sidan 2003 verna som naturreservat.

Den største byen i nedslagsfeltet til Ammerån er Hammerdal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. SMHI, Vattendragsregister
  2. SCB, Skyddad natur 31 dec 2007