Ammonia Avenue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ammonia Avenue
Studioalbum av The Alan Parsons Project
Utgjeve 7. februar 1984
Innspelt Midten av 1982 til seint i 1983
Studio Abbey Road Studios i London i England
Sjanger
Lengd 39:58
Selskap Arista
Produsent Alan Parsons
The Alan Parsons Project-kronologi
Eye in the Sky
(1982)
Ammonia Avenue Vulture Culture
(1984)


Singlar frå Ammonia Avenue
  1. «Don't Answer Me»
    Utgjeve: Mars 1984
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[1]
Rolling Stone2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]

Ammonia Avenue er det sjuande studioalbumet av det britiske rockebandet The Alan Parsons Project, utgjeve av 7. februar 1984 av Arista Records. Phil Spector-aktige «Don't Answer Me» var den første singelen frå albumet, og nådde topp 15 på den amerikanske Billboard Hot 100 og Mainstream Rock Tracks-lista, i tillegg til fjerdeplassen på Adult Contemporary-lista. Singelen nådde òg topp 20 i mange andre land[3] og var den siste store hitten til The Alan Parsons Project. «Prime Time» vart den neste singelen, men denne nådde berre 34. plassen i USA. «Since The Last Goodbye» vart ein mindre hitt.

Ammonia Avenue var eit av dei bestseljande albuma deira og selde til gullplate i USA og nådde topp 10 på albumlistene i mange land.[4]

Bakgrunn og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Tittelen på albumet var inspirert av då Eric Woolfson vitja Imperial Chemical Industries (ICI) i Billingham i England, der det første han såg var ein veg med milevis med røyr, men ingen folk, ingen tre og eit skilt der det stod 'Ammonia Avenue'. Albumet fokuserer på mogelege misforståingar innan industriell, vitskapleg utvikling frå eit offentleg perspektiv og mangel på forståing av offentlegheita frå eit vitskapleg perspektiv.[5] Albumet var det andre av tre bandet spelte inn med analogt utstyr men miksa direkte på eit digitalt masterlydband.

«You Don't Believe» var alt gjeve ut både som singel og som ein ny song i 1983 på The Best of The Alan Parsons Project.

Ammonia Avenue vart ommastra og gjeve ut på ny i 2008 med bonusspor.

Marknadsføring[endre | endre wikiteksten]

Det vart laga musikkvideoar for «Don't Answer Me» og «Prime Time» i 1984, for sistnemnde med kunst og animasjon av MW Kaluta. Den sistnemnde videoen var inspirert av John Collier-soga «Evening Primrose» og består av to mannekengar, ein kvinneleg og ein mannleg, som kjem til liv og forelskar seg i kvarandre. Kring halvvegs uti videoen kan ein sjå gateskiltet med «Ammonia Ave.».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne og komponerte av Alan Parsons og Eric Woolfson.

Side ein
# TittelSolovokal Lengd
1. «Prime Time»  Eric Woolfson 5:03
2. «Let Me Go Home»  Lenny Zakatek 3:20
3. «One Good Reason»  Eric Woolfson 3:36
4. «Since the Last Goodbye»  Chris Rainbow 4:34
5. «Don't Answer Me»  Eric Woolfson 4:11
Side to
# TittelSolovokal Lengd
1. «Dancing on a Highwire»  Colin Blunstone 4:22
2. «You Don't Believe»  Lenny Zakatek 4:26
3. «Pipeline» (instrumental)  3:56
4. «Ammonia Avenue»  Eric Woolfson 6:30
Bonusspor på 2008-utgåva
# Tittel Lengd
10. «Don't Answer Me» (tidleg miks) 5:08
11. «You Don't Believe (Demo)» (demo) 2:20
12. «Since the Last Goodbye» (vokal overdubbing av Chris Rainbow) 0:28
13. «Since the Last Goodbye» (guide-vokal av Eric) 4:24
14. «You Don't Believe» (instrumental hyllest til The Shadows) 3:06
15. «Dancing on a Highwire/Spotlight» (tidleg miks) 3:55
16. «Ammonia Avenue Part 1» (demovokal av Eric) 2:40
17. «Ammonia Avenue» (overdub med orkester) 1:22

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1984 The Billboard 200 15
1984 UK Albums Chart 24
1984 Australske album[6] 16
1984 Canada 29
1984 Frankrike 18
1984 Noreg 5
1984 Spania (AFYVE) 2
1984 Nederland[7] 1

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[8] Gull 50 000^
Frankrike (SNEP)[9] Platina 500,800[10]
Tyskland (BVMI)[11] Gull 250 000^
Nederland (NVPI)[12] Gull 50 000^
USA (RIAA)[13] Gull 500 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «allmusic ((( Ammonia Avenue > Overview )))». www.allmusic.com. Henta 3. april 2020. 
  2. «Ammonia Avenue : Alan Parsons Project : Review : Rolling Stone». rollingstone.com. Henta 3. april 2020. 
  3. [1]
  4. «Archived copy». Arkivert frå originalen 27. mai 2014. Henta 3. april 2020. 
  5. Woolfson, Eric. «Albums, Back Catalogue». Arkivert frå originalen (– Scholar search) 17. mai 2009. Henta 28. mai 2007. 
  6. Kent, David (1993). Australske Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australske Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  7. https://dutchcharts.nl/weekchart.asp?cat=a&date=19840317&year=1984
  8. «Canadian album salstrofé – Alan Parsons Project – Ammonia Avenue». Music Canada. 
  9. «French album salstrofé – Alan Parsons Project – Ammonia Avenue» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  10. https://www.infodisc.fr/Ventes_Albums_Tout_Temps.php?debut=550
  11. «Gold-/Platin-Datenbank (Alan Parsons Project; 'Ammonia Avenue')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  12. «Dutch album salstrofé – Alan Parsons Project – Ammonia Avenue» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. 
  13. «American album salstrofé – Alan Parsons Project – Ammonia Avenue». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH