Ammoniumkarbonat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ammoniumkarbonat
Uhličitan amonný.JPG
Ammonium carbonate.png
Andre namnHjortetakksalt
Kjemisk formel(NH4)2CO3
Molmasse96,09
Atommasse96,053492 atommasseeining
UtsjånadKvitt pulver eller harde, gjennomskinnelege krystallar
Eigenskapar
Tettleik1,50
Løyselegheit i vatnLøyseleg i 4 delar vatn
Smeltepunkt58
SMILES[O-]C(=O)[O-].[NH4+].[NH4+]
CAS-nummer506-87-6
SI-einingar & STP er brukt om inkje anna er oppgjeve

Ammoniumkarbonat er eit ammoniumsalt med kjemisk formel (NH4)2CO3. Det har E-nummer E 503.

Ved oppvarming vil ammoniumkarbonat produsera gassane ammoniakk, karbondioksid og vassdamp:

På grunn av dette er ammoniumkarbonat ein del av hjortetakksalt, som er eit særskild bakepulver. Hjortetakksalt som er i handel er laga som ei blanding av surt ammoniumkarbonat og ammoniumkarbamat. Opphavleg blei det framstilt gjennom tørrdestillering av horn, hjortehorn og bein, noko som gav opphav til namnet.[1]

Særleg gassen ammoniakk har ei skarp lukt, som gjer at hjortetakksalt kan lukta vondt allereie ved romtemperatur.

Ammoniumkarbonat oppstår naturleg ved rotning eller oppvarming av nitrogenhaldige organiske stoff, som gjødninga guano.

Også kjend som[endre | endre wikiteksten]

  • Ammonium carbonicum

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Meyers varulexikon, Forum, 1952