Amor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Afrodite og Eros. Romersk marmorstatue frå fyrste hundreåret av vår tidsrekning, kopiert etter ein gresk statue som er gått tapt.

Amor var ein romersk kjærleiksgud som hadde stor likskap med den greske kjærleiksguden Eros.

I både gamal og nyare kunst vart Amor gjerne framstilt som ein lubben, liten gut, ofte med vengar, og med pil og boge i handa, for han hadde evna til å kveikje den erotiske attråen i folk ved å skyte kjærleikens pilar i hjarta på dei.

Eit anna namn for guden Amor var Cupido.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Amor
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.