Amorf Ördögök

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Amorf Ördögök ('amorfe djevlar') var eit ungarsk band i perioden 1994-2007. Gruppa blanda forskjellige musikkstilar, mellom anna disco, tango, folkemusikk frå Balkan og reggae og smelta det saman til sin eigen stil. I tillegg inviterte dei ofte musikarar frå andre grupper med på forskjellige konsertar eller turnear.

Amorf Ördögök vart fyrst forma på Angyalföld Laszlo Nemeth-skulen i Budapest i 1993. Den fyrste singelen deira kom ut i 1999, og deira fyrste album i 2000.

Frå 2001 til 2005 spelte dei på dei aller fleste ungarske festivalar og klubbar, medan aktiviteten i 2006 gjekk kraftig ned. Den siste konserten fann stad 12. april 2007. To veker seinare var gruppa formelt oppløyst, og mesteparten av musikarane forma Péterfy Bori & Love Band.

Medlemmer[endre | endre wikiteksten]

  • Ambrus Tövishazi (1993-2007) (vokal, keyboard, gitar, komponist)
  • Szabolcs Tariska (1993-2007) (vokal, tekst)
  • Bori Péterfyi (1999-2007) (vokal)
  • Tibor Eichinger (1999-2005) (gitar)
  • Jenő Bresztyensky (2000) (trekkspel)
  • Tamás Mehlhoffer (2000) (tromme)
  • Annie Szabó (2000)
  • Mikó György (2000-2003) (tromme, blåseinstrument)
  • István Pápai (2001-2007) (tromme)
  • Gergely Drapos (2001-2007) (bass)
  • Zsombor Dudás (2002-2005) (tromme)
  • Ákos Tompa (2003-2007) (trompet)
  • Zoltán Farkas (2005-2007) (gitar)
  • Ádám Mészáros (2006-2007) (gitar)
  • Viktor Laskai (2006-2007) (tromme)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Betyár a Holdon (Lovlaus på månen) (CD, MK, 2000, Ugar Records)
  • Molylepke Minibár (CD, MK, 2002, Ugar Records)
  • Cellux-szimfónia (CD, 2005, Mama Records)
  • Pokoldiszkó (1994-2006) (CD, 2006, Ugar Gmbh)