Amritsarmassakren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Amritsar-massakren)
Amritsar.

Amritsarmassakren var ein massakre utført av britiske soldatar i Amritsar i Britisk India den 13. april i 1919.

Ei stor gruppe fredelege demonstrantar mot britisk kolonistyre hadde samla seg i Jallianwala Bagh i byen. Den britiske generalen Reginald Dyer gav soldatane sine ordre om å skyta mot folkemengda og soldatane heldt fram med å skyta til dei ikkje hadde att meir ammunisjon. Ein reknar med at over 1000 personar vart drepne[treng kjelde]. Det var òg mange skadde som overlevde massakeren.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.