Amsterdam av Jacques Brel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg Amsterdam (fleirtyding).
«Amsterdam»
Låtskrivar Jacques Brel
Publisert 1964
Språk fransk
Opphavleg artist Jacques Brel
Innspelt av Jacques Brel, Scott Walker, David Bowie, De Dijk, Acda en De Munnik, Hector, John Denver, Bellowhead

«Amsterdam» er ein song av Jacques Brel. Han kombinerer eit mektig melankolsk crescendo med ei rik poetisk soge om sjømenn på land i Amsterdam.

Songen er ein lett modifisert versjon av den tradisjonelle engelske folkevisa «Greensleeves».[1]

Brel spelte aldri songen inn for eit studioalbum og den einaste versjonen hans finst på konsertalbumet Enregistrement Public à l'Olympia 1964. Trass i dette vart det ein av dei mest kjende songane hans. Songen var ein av Brel-songane som Mort Shuman sette om til engelsk for musikalen Jacques Brel is Alive and Well and Living in Paris.

Brel arbeidde på songen i huset sitt med utsikt over Middelhavet ved Roquebrune-Cap-Martin, huset han delte med Sylvie Rivet, ein publisist for Philips; ein stad ho hadde introdusert han for i 1960. «Det var ein ideell stad for å han og skrive musikk, og tilfredstille lidenskapen hans for båtar og fly. Ein morgon, klokka seks, las han teksten til Amsterdam til Fernand, ein restauratør som var på veg ut for å fiske skorpionfisk og havål for bouillabaisse. Fernand braut ut i gråt og opna nokre kråkebollar for å kontrollere kjenslene sine»[2]

Robert Guillaume skreiv i memoarane sine at då han først song «Amsterdam» i Village Gate i januar 1968 så var det ein «forbløffande lang stille då songen var over, etterfølgd av eit brøl så høgt at eg skvatt».

David Bowie-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Bowie såg musikalen Jacques Brel Is Alive and Well and Living in Paris då han hadde debut i Village Gate i Greenwhich Village sommaren 1968. Stykket hadde ingen libretto, berre ei rekkje av Brel sine songar omsett av Mort Shuman (som òg spelte i stykket) og Eric Blau.

Seint i 1968 hadde Bowie byrja å spele «Amsterdam» med visetrioen sin og hadde med seg songen i repertoaret sitt fram til 1972. Han erstatta stundom songen med Brel sin «My Death». Bowie meinte til og med å ende side ein av The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars med studioversjonen sin av «Amsterdam». Songen som avsluttar side to, «Rock and Roll Suicide» er ein slags tematisk tvilling, Bowie sin eigen rockeversjon av ein Brel-song.[3]

Bowie vart inspirert av teksten til Amsterdam til å knyte sine eigne tekstar meir direkte til røyndomen og bruke sceneteknikk for å byggje meir gjenlydande songar.[3] Bowie tok òg kjensla av apokalyptisk timing frå «Amsterdam», med tanke på korleis songen byrjar roleg, med hamna som sakte vaknar opp, og byggjer seg til eit vilt fylleslagsmål.[3] Bowie sine forskjellige versjonar av «Amsterdam» er vel så mykje tokingar av Scott Walker si innspeling som det er av Brel sin.

Bowie spelte først inn «Amsterdam» på Sunday Show på BBC den 5. februar 1970. Denne innspelinga finst på Bowie at the Beeb. Han spelte òg songen for Sounds of the ’70s på BBC den 21. september 1971. Studioinnspelinga av «Amsterdam» vart gjort sommaren 1971 under dei første dagane av innspelinga av Ziggy Stardust. Songen kom til slutt ikkje med på albumet og han vart gjeven ut som B-sida til singelen «Sorrow» i november 1973.

Bowie-versjonen er gjeven ut på:

  • Den tyske nyutgjevinga av singelen «Alabama Song» frå juli 1982 hadde «Amsterdam» som B-side.
  • Samleplata Rare frå 1983.
  • Han vart gjeven ut som biletdisk i RCA-setta Life Time og Fashion Picture Disc Set.
  • Rykodisc-utgåva av Pin Ups i 1990 der «Amsterdam» var bonusspor.
  • Bowie at the Beeb frå 2000. Opptak frå 1970.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre som har gjeve ut songen er:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.whosampled.com/sample/view/49760/Jacques%20Brel-Amsterdam_Traditional%20Folk-Greensleeves/
  2. Paris Match no 2992 September 2006
  3. 3,0 3,1 3,2 Chris O’Leary. «Amsterdam». Pushing Ahead of the Dame. Henta 19. januar 2016.