Amtmandens Døttre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Amtmandens døtre)
Omslag til 5. utgåve frå 1897, utforma av Thorolf Holmboe

Amtmandens Døttre er ein roman skriven av Camilla Collett. Romanen vart utgjeven i to utgåver, ei i 1854 og ei i 1855. Teksten vart omarbeidd og utgjeven i 1860 og 1879. Dette var den første samfunnskritiske tendensromanen i norsk litteratur, og peikar framover mot realismen. Dette vart òg den einaste romanen Camilla Collett skreiv. Første delen av boka vart gjeven ut anonymt, men han vart ikkje lenge etter allment kjend som hennar verk.

Hovudpersonen i romanane er Sofie, dottera av ein amtmann i «i et af Landets nordlige Amter»,[1] og hennar forhold til huslæraren Georg Kold. Ho tek opp tilhøvet mellom kjønna og dei vanskelege krava ei ungjente frå borgarskapet har å leva opp til når det gjeld kjærleik og ekteskap. Romanen skildrar også foreldra hennar, dei eldre systrene som lever i ulukkelege arrangerte ekteskap, venner og naboar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Amtmandens Døttre I, 1.[daud lenkje]

Generelle kjelder

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Om boka