Amuka i Israel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°59′51.79″N 35°31′25.82″E
Amuka
עֲמֻקָּה, עמוקה
landsby
PikiWiki Israel 4362 jonathan ben uziel grave.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Øvre Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune Merom Hagalil
Koordinatar 32°59′51.79″N 35°31′25.82″E
Folketal 152 (2011) [1]
Grunnlagd 1980
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Amuka, Israel

Amuka (עֲמֻקָּה) er ein fellesbusetnad nær Safed i Øvre Galilea nord i Israel. Han høyrer til Merom HaGalil regionale kommune og er kalla opp etter den bibelske byen med same namn, som ein trur låg i dette området.

Samfunnet vart grunnlagd i 1980. Innbyggjarane lever av turisme og frie yrke. Nær samfunnet ligg gravstaden til rabbinaren Jonathan ben Uzziel, som enkelte meiner har spesielle krefter (segulot).

Grava i Amuka

Ruinane av ein stor bygning ligg ovanom gravstaden til Jonathan ben Uzziel. Ruinane ligg aust i dalen der den arabiske landsbyen Ammuqa låg fram til han vart avfolka i 1948. På 1800-talet såg vitskapsmannen Geren «ei stor søyle og mange falne steinar - ruinar av ein gammal struktur, kanskje ei synagoge».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Locality File» (XLS). Israel Central Bureau of Statistics. 2011. Henta 8. mars 2015.