Amund B. Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amund B. Larsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. desember 1849
Død

27. april 1928 (78 år)

Yrke lingvist, filolog

Amund Bredesen Larsen (fødd i Grue 15. desember 1849, død 27. april 1928 i Bærum) var ein norsk filolog, dialektgranskar og statsstipendiat.

Han kom frå ein storgard, og hadde privatlærarar inntil han tok artium ved Heltbergs studentfabrikk i 1866. Han veksla mellom studie og arbeid som huslærar inntil han i 1878 vart cand.philol. Han var lærar i Trondheim og Arendal, tok doktorgrad i 1895 på ei avhandling om Lydlæren i den solørske dialekt, og tapte i 1899 tvikampen om eit nytt professorat i landsmål til Marius Hægstad. Til gjengjeld vart Larsen utnemnd til statsstipendiat i 1901 for å ganske norske bygdemål. Med boka Oversigt over de norske bygdemaal frå 1901 skreiv han det første samanfattande oversiktsverket om norske dialektar.

Han gav i 1909 ut Utredning av spørsmaalet om et mulig samarbeide mellem landsmaal og riksmaal i retskrivningen saman med Hans Eitrem og Steinar Schjøtt.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Oplysninger om dialekter i Selbu og Gauldalen (1882)
  • Oversigt over de trondhjemske dialekters slægtskabsforhold (1886)
  • Lydlæren i den solørske dialekt (doktorgradsavhandling 1894)
  • Oversigt over de norske bygdemaal (1901, nytt opplag 1948)
  • Kristiania bymål (1907)
  • Bergens bymaal (1911–1912, saman med G. Stoltz)
  • Stavanger bymål (1925, saman med M. Berntsen)
  • Sognemålene (1926)
  • Skrifter, i utval ved Magne Myhren. Universitetsforlaget, 1976
Om han
  • Festskrift til Amund B. Larsen på hans 75-års fødselsdag. 1924.
  • Geirr Wiggen. «Amund B. Larsen som sosiolingvist» I: Peilepunkter. Festskrift til Thor Ola Engens 50-årsdag 11. januar 1995. (red. av Kulbrandstad og Øygarden). 1995.
  • R. Iversen. «Minneord» I: Vitenskaps-Akademiets årbok, 1929.
  • Kjell Venås. «Amund B. Larsen» I: Norsk biografisk leksikon, 2. utg.