Amund Helland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amund Helland. Teikning av Othar Holmboe frå Korsaren 1895. Karikaturen viser til kampen til Helland for å få tetta eit «hol» i berglova §8.

Amund Theodor Helland (fødd 11. oktober 1846 i Bergen, død 15. november 1918) var ein norsk geolog og politikar (Venstre).

Han vart cand.min. i 1868, og vart i 1885 tilsett ved Det Kongelege Frederiks Universitet i eit ekstraordinært professorat i bergbyggingslære og geologi, eit embete han heldt til han døydde.

Helland var ein allsidig person. I dag er han best hugsa som kulturgeograf, og det omfattande verket hans Norges land og folk topografisk-statistisk beskrevet i førtito tjukke bind, er i format og omfang ei unik kjelde til landet i denne tida. Verket inneheld skildringar av landskap, samfunn og folk.

Karakteristikkane hans av samar kategoriserte desse som å finne seg på eit lågareståande utviklingstrinn. Om kollegaen sin Thekla Resvoll sa han «Hon er en meget betydeleg vitenskapsmann, eg hadde aldri trodd at et kvinnfolk kunde nå så langt». Helland var òg utdanningspolitisk interessert, og ivra for sjølvstyre for universitetet i forhold til dei pengemessige bidragsytarane, samt fridom for professoren i forhold til administrativ rektor.

Erik Werenskiold målte eit frodig portrett av Helland i 1885. I 1912 fekk han Petter Dass-medaljen.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Amund Helland