Amund Lo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amund Lo
Fødd 29. juni 1864
Nord-Fron kommune
Død

18. mai 1941 (76 år)

Yrke veterinær

Amund Lodversson Lo (29. juni 186418. mai 1941) var ein norsk dyrlege frå Nord-Fron i Oppland. Han var «ein føregangsmann i næringsemnehygiene», og den fyrste leiaren av både kjøtkontrollen i Kristiania og seinare av Kristiania slaktehus.

Lo voks opp på ein storgard i grenda Sorperoa i Nord-Fron. Han var elev 1882-83 ved Tune landbruksskule. Åra 1884-89 studerte han ved veterinærhøgskulen i København, der dei fleste norske veterinærstudentane då utdanna seg.

Frå 1889 var Lo assistent hos stadsdyrlegen i Kristiania. I 1894 vart han styrar ved den nye kjøtkontrollstasjonen på Ankertorget, ein institusjon han sjølv tok initiativ til å opprette, og leidde til 1908. Han var så direktør på Oslo slaktehus frå 1913 til han pensjonerte seg i 1930.

Lo var også formann i Den norske veterinærforening ei tid. Han arbeidde særleg for å auke kjøtproduksjonen i Noreg, mellom anna gjennom føredrag og artikar i dagspressa og med faglege skrifter. Gjennom åra reiste han på mange studieturar i Skandinavia, England, Tyskland og USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]