Amundsenbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Amundsenbukta i Nordvestterritoria i Canada

Amundsenhavet er ei bukt i Nordvestterritoria i kanadisk Arktis. Bukta ligg mellom Banksøya og Kitlineq og fastlandet. Ho er 402 km lang og om lag 150 km brei der ho møter Beauforthavet.

Satellittbilete av Amundsenbukta, markert med lyseblå farge

Amundsenbukta vart utforska av den norske polarforskaren Roald Amundsen mellom 1903 og 1906. Havet er ved vestenden av det kjende Nordvestpassasjen, ei sjølei mellom Atlanterhavet og Stillehavet.

Kystane langs Amundsenbukta har liten busetnad, dei få byane og bygdene er Sachs Harbour, Holman og Paulatuk. Går ein nord frå havet kjem ein til Prisen-av-Wales-sundet. Går ferda mot søraust og aust, kjem ein inn i Dolphin and Union Strait. Set ein kursen mot vest og nordvest kjem ein fyrst inn i Beauforthavet og deretter ut i Nordishavet.

Amundsenbukta ligg i den arktiske klimasonen, og er dominert av kalde vintrar. Havet er tilfrose heile vinterhalvåret og lengre. I eit normalår sprekk brorparten av isen opp i juli månad. Nokre område heilt i aust og nord sprekk ikkje opp før i august.

Kvitkval, selar, torsk, og dei siste åra også laks sym rundt i Amundsenbukta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]