Amurfalk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amurfalk

Status i verda: LC Livskraftig

Foto: Flickr-brukar Alastair RaeAlastair Rae

Foto: Flickr-brukar Alastair RaeAlastair Rae

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Falconiformes
Familie: Falconidae
Slekt: Falco
Art: F. amurensis
Vitskapleg namn
Falco amurensis
Radde, 1863
██ Sommar██ Vinter

Amurfalk ein liten rovfugl i falkefamilien. Han hekkar i søraustlege Sibir og Nord-Kina og er flyttfugl som overvintrar i Sør-Afrika. Dietten består hovudsakleg av insekt, som termittar.

Hannar er karakteristisk mørk sotbrune, og kan forvekslast med melanistisk gabarhauk, men kastanjefarga undergump er eit tjenneteikn som skil dei. Dessutan det kan vere noko overfladisk likskap med sotfalk og skiferfalk, men desse to artene begge har gule føter og cere. Hannar av amurfalk blir best skilt frå kveldsfalk ved skilnaden i underdekkfjørene der amurfalk er kvit, medan undervengen hos kveldsfalk hannar er jamt grå.

Hofuglar har kvit, svartspraglete underside og svarte striper på undersida av halen, og kan lettare forvekslast med eit breiare spekter av falkar, men flekker på nedre delen av buken, raud cere og føter utelukkar alle andre falkar.

Amurfalk var lenge tenkt å vere ein underart eller berre morf av kveldsfalk, men er i dag rekna som godt distinkt. Likevel er kveldsfalk næraste slektningen, tilhøva deira til andre falkar er uavklart. Morfologisk står amurfalk som mellomledd mellom tårnfalk og lerkefalk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Griffiths, Carole S. (1999): Phylogeny of the Falconidae inferred from molecular and morphological data. Auk 116(1): 116–130. PDF fulltext
  • Griffiths, Carole S.; Barrowclough, George F.; Groth, Jeff G. & Mertz, Lisa (2004): Phylogeny of the Falconidae (Aves): a comparison of the efficacy of morphological, mitochondrial, and nuclear data. Molecular Phylogenetics and Evolution 32(1): 101–109. doi:10.1016/j.ympev.2003.11.019 (HTML abstract)
  • Wink, Michael; Seibold, I.; Lotfikhah, F. & Bednarek, W. (1998): Molecular systematics of holarctic raptors (Order Falconiformes). In: Chancellor, R.D., Meyburg, B.-U. & Ferrero, J.J. (eds.): Holarctic Birds of Prey: 29-48. Adenex & WWGBP. PDF fu

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]