Amwajøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amwajøyane
جزر أمواج, Juzur Amwaj
kunstig øygruppe
Flyfoto av Amwajøyane og Muharraq, sett sørover
Land  Bahrain
Del av Bahrain
Koordinatar 26°17′N 50°40′E / 26.29°N 50.67°E / 26.29; 50.67
Kart
Amwajøyane
26°17′28″N 50°39′55″E / 26.291111111111°N 50.665277777778°E / 26.291111111111; 50.665277777778
Wikimedia Commons: Amwaj Islands

Amwajøyane (arabisk جزر أمواج, Juzur Amwaj) er ei gruppe kunstige øyar i Persiabukta nordaust i Bahrain, nær kysten av øya Muharraq. Dei dekkjer kring 2,79 km².

Planteikning over Amwajøyane

Amwajøyane er eit pionerprosjekt i Bahrain og var den første øya som gav 100 % sjølveige til utlendingar som bur i kongedømet Bahrain. Øyane gjer òg at det blir fleire eigedomar ved sjøsida. Då infrastruktur som elektrisitet, vegar, vatn, klokakk og telesamband nyleg var ferdig, var øyane klare som bustadområde.

Amwajøyane vart bygde i det relativt grunne farvatnet nordaust for Muharraq, som er den nordlegaste øya i Bahrain. Øyane har område for bustader, handel (høghus), hotell og butikkar, i tillegg til ein sirkelforma marina med over 140 fortøyingsplassar og ein diameter på 240 meter.

Det går ei vegfylling frå øyane over til hovudøya. Denne er kring 1,8 km lang. Andre anlegg er ein skule, eit universitet, eit sjukehus, ein bensinstasjon, ein temapark og eit område med restaurantar og kafear. Avstanden mellom den nye øya og Bahrain internasjonale lufthamn er berre 8 km.

Prosjektet vart utvikla av Ossis Property Developers til ein prislapp på 1,5 milliardar dollar. Amwajøyane vart utvikla i tre stadium.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]