An-Nabk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
An-Nabk
النبك, Al-Nabk
by
Land  Syria
Guvernement Rif Dimashq guvernement
Distrikt Al-Nabk-distriktet
Høgd 1 255 moh.
Koordinatar 34°01′N 36°43′E / 34.017°N 36.717°E / 34.017; 36.717
Folketal 90 000  (2014 est.)
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
An-Nabk
34°01′30″N 36°44′04″E / 34.025°N 36.734444444444°E / 34.025; 36.734444444444
Wikimedia Commons: An-Nabk

An-Nabk[1] eller Al-Nabk (arabisk النبك) er ein by i Syria som administrativt høyrer til Rif Dimashq og er senteret i Qalamoun. Han ligg 81 km nord for Damaskus og sør for Homs, 1255 meter over havet I 2014 hadde han 90 000 innbyggjarar, og var dermed den 35. største byen i Syria. St. Moses abyssinaren-klosteret (Deir Mar Musa al-Habashi) ligg i Anti-Libanonfjella nær Nabk og er datert attende til minst 500-talet.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar, katolikkar og syrisk kristne.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Al-Nabk vart nemnt av arabiske geografar på 1100- og 1200-talet. Ibn Jubayr skreiv at det var ein landsby nord for Damaskus «med mykje rennande vatn og vide enger.» Yaqut al-Hamawi skreiv i 1225 at han «er ein fin landsby med glimrande forsyningar. Her er ei merkverdig kjelde som har kaldt vatn om sommaren, og klårt, flott vatn. Dei seier at kjelda er ved Yabrud[3]

Landemerke[endre | endre wikiteksten]

Deir Mar Musa al-Habashi, klosteret for St. Moses abyssinaren, ligg oppom byen i vest.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «An Nabk City - Syria» Homs Online
  2. Smith, 1841, s. 173.
  3. le Strange, 1890, s.511.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]